Thorleif Haug
| Thorleif Haug | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 28. september 1894 Lier kommune |
| Død | 12. desember 1934 (40 år) Drammen kommune |
| Idrett | kombinert, skihopping, langrenn |
| Tok del i | Langrenn under Vinter-OL 1924 – 18 kilometer herrer, Langrenn under Vinter-OL 1924 – 50 kilometer herrer, Kombinert under Vinter-OL 1924 |
| Utmerkingar | Holmenkollmedaljen |
Thorleif Haug (28. september 1894–12. desember 1934) var ein norsk skilaupar fødd i Lier. Han vert halden for å ha vore den beste skilauparen i verda rundt 1920 og då dominerte han i både langrenn og kombinert, attåt at han gjorde seg gjeldande i hopp. I dei fyrste olympiske vinterleikane i 1924 i Chamonix tok han tre gullmedaljar (18 km, 50 km og kombinert). Haug vann femmila i Holmenkollrenna heile seks gonger, noko ingen andre har klart verken før eller seinare. I 1919, 1920 og 1921 vann han både kombinerttevlinga og 5-mila. I 1919 fekk han Holmenkollmedaljen saman med Otto Aasen. Thorleif Haug var medlem i Drafn. Av yrke var han røyrleggjar. Han døydde av lungebrann berre førti år gammal. I 1946 vart det sett opp ein statue av Haug i Drammen, denne er laga av bilethoggaren Per Palle Storm.
OL-medaljar
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Thorleif Haug» (på engelsk). Olympedia. Henta 2023-03-29.
- Einskildmenn
- Fødde i 1894
- Døde i 1934
- Norske langrennsløparar
- Norske kombinertløparar
- Norske skihopparar
- Verdsmeistrar i langrenn
- Verdsmeistrar i kombinert
- Vinnarar av Holmenkollmedaljen
- Kongepokalvinnarar i skiidrett
- Olympiske meistrar for Noreg
- Olympiske medaljevinnarar i langrenn
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1924
- Norske deltakarar under vinter-OL 1924
- Kombinertløparar under vinter-OL 1924
- Langrennsløparar under vinter-OL 1924
- Skihopparar under vinter-OL 1924
- Noregsmeistrar i kombinert
- Noregsmeistrar i langrenn
- Folk frå Lier