Ellsworth Mountains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 78°31′S 85°37′W
Ellsworth Mountains
fjellkjede
Horseshoe Valley.jpg
Horseshoe Valley i Heritage Range
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Marie Byrd Land
 - koordinatar 78°31′S 85°37′W
Høgaste punkt Vinson Massif
 - høgd 4 892 moh.
 - koordinatar 78°31′32″S 85°37′02″W
Lengd 360 km, nord-nordvest – sør-søraust
Administrert under Antarktistraktaten
Sentinel Range, Ellsworth Mountains
Sentinel Range, Ellsworth Mountains
Ellsworth Mountains is located in Antarktis
Ellsworth Mountains (Antarktis)
Wikimedia Commons: Ellsworth Mountains

Ellsworth Mountains er den høgaste fjellkjeda i Antarktis, og dannar ei 360 km lang og 48 km brei rekkje av fjell frå nord til sør på vestsida av Ronne isbrem.[1] Dei vert kryssa av Minnesotabreen som skil Sentinel Range i nord frå Heritage Range i sør. Førstnemnde er langt høgare og meir spektakulær med Vinson Massif på 4892 moh som det høgaste punktet på kontinentet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fjella vart oppdaga den 23. november 1935 av Lincoln Ellsworth under ein flytur over Antarktis frå Dundee Island til Rossisen. Han gav fjellkjeda det skildrande namnet Sentinel Range.[1] Sentinel tyder «kjennemerke» eller «kjenneteikn» på engelsk.

Fjella vart kartlagde i detalj av USGS frå landmålingar og flyfotografi frå U.S. Navy, 1958-66. Då det vart klårt av fjella bestod av to fråskilde rekkjer, gav US-ACAN berre den høgare, nordlege delen av fjellkjeda namnet Sentinel Range og den sørlege delen namnet Heritage Range. I tillegg kalla komiteen heile fjellkjeda opp etter oppdagaren.[1]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Temperaturane i Ellsworth Mountains er i snitt kring -30 °C. Dei beste månadane for ekspedisjonar her er frå november til januar, då det er midtsommar på den sørlege halvkula. Ekspedisjonar hit er likevel vanskeleg og krav anten offentleg vitskapleg støtte eller store økonomiske ressursar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Ellsworth Mountains». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 11. januar 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]