Minnesotabreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 79°00′S 83°00′W
Minnesotabreen
isbre
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Ellsworth Land
 - koordinatar 79°00′S 83°00′W
Lengd 64 km
Administrert under Antarktistraktaten
Minnesotabreen is located in Antarktis
Minnesotabreen (Antarktis)

Minnesotabreen er ein brei isbre i Antarktis. Han er kring 64 km lang og 8 km brei, og flyt aust gjennom Ellsworth Mountains, mellom Sentinel og Heritage Range. Han får istilførsel frå platået vest for fjella og av Nimitz og Splettstoesserbreane. Minnesotabreen flyt inn i den større Rutfordstraumen aust i Ellsworth Mountains.

Han vart namngjeven av US-ACAN etter University of Minnesota, som sende forskarar til Ellsworth Mountains i 1961–62, 1962–63 og 1963–64.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Minnesotabreen» (innhald frå Geographic Names Information System).