Elva Lim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lim
elv
Lim renn gjennom Prijepolje.
Land  Montenegro,  Albania  Serbia,  Bosnia-Hercegovina
Nedslagsfelt 5 963 km²
Renn gjennom Prijepolje, Priboj.
Lengd 220 km
Kjelde Ved fjellet Maglić i Kuči-området aust i Montenegro
Munning I elva Drina nær landsbyen Međeđ i Bosnia-Hercegovina
Kart
Elva Lim
42°36′13″ N 19°37′42″ E
Wikimedia Commons: River Lim (Balkan)

Lim (serbisk kyrillisk Лим) er ei elv som renn gjennom Montenegro, Albania, Serbia og Bosnia-Hercegovina. Ho er 220 km lang og den lengste sideelva til Drina.

Montenegro og Albania[endre | endre wikiteksten]

Elva har sitt utspring nedanfor fjellet Maglić i Kuči-området aust i Montenegro, svært nær den albanske grensa, med namnet Vrmoša (kyrillisk: Врмошa). Kjelda til elva er berre eit par kilometer unna kjelda til elva Tara i Montenegro, men dei to elvene renn i motsett retning. Tara går til nordvest, medan Vrmoša går austover, og etter berre eit par kilometer kryssar ho over grensa til Albania (albansk: Lumi i Vermoshit). Ho passerer gjennom Prokletije-fjella og landsbyen Vermosh, før ho igjen går inn i Montenegro med namnet Grnčar (kyrillisk: Грнчар). Her får ho tilføring frå sideelva Vruje frå høgre ved Gusinje, og held fram vidare som Ljuča (kyrillisk: Ључа) eit par kilometer før ho renn ut i Plavsjøen, og dannar eit lite delta. Elva strøymer ut av innsjøen i nord, ved sida av fjellet Visitor, og under namnet Lim renn ho dei siste 197 km. Ho passerer gjennom Murino, og går hovudsakleg i ein nordleg retning gjennom områda Vasojevići, Gornji Kolašin, Donji Kolašin og Komarani, gjelet Tivran (Tivranska klisura/Тивранска клисура) og byane Andrijevica, Berane, Bijelo Polje, Resnik og Nedakusi, før ho går inn i Serbia mellom landsbyan Dobrakovo og Gostun. Her møter ho sideelvene, Lješnica, (mellom landsbyane Poda og Skakavac) og Bistrica (nær grensa), og frå venstre elva Ljuboviđa, nær Bijelo Polje.

Serbia og Bosnia-Hercegovina[endre | endre wikiteksten]

I grenseområdet har Lim grave ut eit langt gjel, Kumanička klisura (kyrillisk: Куманичка клисура), mellom fjella Lisa (i Montenegro) og Ozren (i Serbia). Lim held fram mellom fjella Jadovnik, Pobijenik og Zlatar, og renn gjennom den nordlege delen av Sandžak-området (eller Raška oblast), den kunstige innsjøen Potpeć, landsbyane Garčanica og Lučice, og byane Brodarevo, Prijepolje, Pribojska Banja og Priboj. Etter Priboj snur ho nordvestover, og går inn i Bosnia-Hercegovina, men berre eit strekke på nokre kilometer, før ho igjen går inn i Serbia og så tilbake til Bosnia ved Rudo. I Bosnia-Hercegovina strøymer Lim mellom fjella Bič, Javorje og Vučevica frå sør, og Varda frå nord, før ho renn ut i elva Drina nær landsbyen Međeđa. Den lågaste delen av elva er oversvømd av den kunstige innsjøen Višegrad, i samband med vasskraftverket Višegrad på Drina.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Lim er ein del av tilsigsområdet til Svartehavet via elvene Drina, Sava og Donau. Tilsigsområdet dekkjer 5 963 km² og det er ikkje mogeleg med transport på elva.

Ho har mange mindre sideelver i Montenegro og Bosnia-Hercegovina, men dei to viktigaste er sidelvene som kjem inn frå høgre i Serbia, Uvac og Mileševska reka.

Namnet på elva kjem av det latinske ordet limes, som tyder grense.

Polimlje[endre | endre wikiteksten]

Ein frodig dal, som elva renn gjennom, heiter Polimlje (kyrillisk: Полимље) (Lim-dalen). Dalen er delt inn i tre store delar, ein montenegrisk, Stari Vlah og ein bosnisk. Dalen er eit viktig jordbruksområde, særleg for dyrking av frukt og feoppdretting. Han er òg ei viktig gjennomfartsåre for både veg og jarnbane frå Serbia til Montenegro og Adriaterhavskysten, mest kjend er jarnbanen frå Beograd til Bar i Montenegro. Industrien er ikkje så mykje utvikla (ein har mindre industrisenter i Berane, Bijelo Polje og Prijepolje), bortsett får den industrialiserte byen Priboj. Serbia er det landet som har mest nytte av elva gjennom straumproduksjon med kraftstasjonen Potpeć. Trass i gode vilkår, er heile området som Lim renn gjennom underutvikla og med berre spreidd folkesetnad.

Grensetvist[endre | endre wikiteksten]

Etter at Jugoslavia braut saman i 1991/92 og vart delt opp i fleire land, førte dette til at fleire landsbyar i Serbia, i området der Lim fleire gongar kryssar grensa mellom Serbia og Bosnia, vart fysisk avskore frå resten av Serbia. Regjeringa i Sambandsrepublikken Jugoslavia føreslo og bytte område med Bosnia-Hercegovina, men så langt har ein ikkje vorte einig.

Lim-tragedie[endre | endre wikiteksten]

4. april 2004 køyrte ein bulgarsk turistbuss av vegen og ut i elva nær den serbiske landsbyen Gostun på veg heim frå ei reise til Dubrovnik i Kroatia. Tolv born mista livet, medan 38 passasjerar vart redda av lokale innbyggjarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Mala Prosvetina Enciklopedija, Tredje utgåve (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
  • Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6