Ely domkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ely domkyrkje
kyrkje
Kart
Ely domkyrkje
52°23′55″N 0°15′50″E / 52.398611111111°N 0.26388888888889°E / 52.398611111111; 0.26388888888889
Wikimedia Commons: Ely Cathedral

Ely domkyrkje, formelt Cathedral Church of the Holy and Undived Trinity, er ei anglikansk domkyrkje i Ely i Cambridgeshire i England.

Kyrkja har opphav i år 672, då heilage Etheldreda, eller Æthelthryth, bygde Ely kloster. Den noverande bygningen stammar frå 1083, og fekk katedralstatus i 1109. Fram til reformasjonen var kyrkja vigd sankt Etheldreda og sankt Peter, men ved reformasjonen blei ho gjeninnvigd som Domkyrkja av Den heilage og udelte treeininga i Ely, og fortsette som hovudkyrkja i bispedømet Ely i Cambridgeshire. Biskopen av Ely og suffraganbiskopen av Huntingdon har sete her.

Arkitekturmessig er domkyrkja i Ely framståande både når det gjeld skala og stilistiske detaljer. Medan hovudkyrkja blei bygd i ein monumental romansk stil er ein portal (galilee porch), mariakapellet og koret bygde opp att i ein frodig dekorert gotisk stil. Dei mest særmerkte kjenneteikna er det sentrale åttekanta tårnet, med lanterne over, som dannar eit stort indre rom og som saman med Vesttårnet dominerer landskapet rundt.

Kyrkja er eit viktig turistmål, og tek imot rundt 250 000 vitjande per år. Det blir halde dagleg morgon- og kveldsgudstenester her.[1][2]

Det angelsaksiske klosteret[endre | endre wikiteksten]

St Etheldreda (1961) av Philip Turner[3]

Ely kloster blei grunnlagt i 672 av Æthelthryth (St Etheldreda), som var dotter av den austangliske kongen Anna. Det var eit blanda klostersamfunn av menn og kvinner.[4] Seinare nedteikningar tyder på at dei tre etterfølgjarane etter henne òg var medlemmar av den austangliske kongefamilien. I seinare hundreår kan vikingherjingar ha ført til at klosteret blei øydelagt, eller i det minste ført til at alle nedteikningar er gått tapt. Det er mogleg at nokre munkar gav ein kontinuitet fram til det blei gjenoppretta i 970, under benediktinarreglar. Den nøyaktige plasseringa av det opphavlege klosteret til Æthelthryth kloster er ikkje kjent. Relikviane hennar i klosteret, og eit aukande omfang forteljingar om livet og mirakla hennar, var ei viktig drivkraft i suksessen til det gjenoppretta klosteret. Kyrkjebygningen frå 970 var i eller nær midtskipet til den noverande bygningen, og blei gradvis riven frå 1102 etterkvart som ein bygde den normanniske kyrkja på staden.[5] Den lite kjende Ermenilda av Ely blei abbedisse ein gong etter at mannen hennar, Wulfhere av Mercia, døydde i 675.

Kyrkjebygget i dag[endre | endre wikiteksten]

Skipet
Koret
Noah-vindauget, av Alfred Gérente.

Domkyrkja er bygd av stein henta ut frå Barnack i Northamptonshire (kjøpt av Peterborough Abbey, som hadde land som inkluderte steinbruka, for 8000 ålar i året), med dekorative element skorne ut frå Purbeck-marmor og lokal clunch, ein type kalkstein. Bygningsplanen er ei krossform med eit transept lagt til i den vestlege enden. Totallengda er 164 meter (537 fot), og skipet på over 75 meter (246 ft) er eit av dei lengste i Storbritannia.[6] Vesttårnet er 66 meter (217 ft) m høgt. Det unike, åttekanta tårnet kjent som «Lantern Tower» er 23 meter (75 ft) m breitt og 52 meter (171 ft) m høgt. Innvendig, frå golvet til midten av taket, er «lanterna» 43 meter (141 ft) høg. Domkyrkja er kjend lokalt som «the ship of the Fens», på grunn av den prominente posisjonen sin i det flate landskapet rundt.[7][8]

Den normanniske klosterkyrkja[endre | endre wikiteksten]

The Prior's Door i sørveggen til skipet. Tympanum-utskjeringa trur ein stammar frå 1135.[9]

Etter ei pre-normannisk historie som strekte seg over 400 år, og ei gjeninnviing i 970, var Ely eit av dei leiande benediktinarklostera i England i det neste hundreåret, med ein berømt helgen, skattesamling, bibliotek, bokproduksjon av høg kvalitet og landområde som berre blei overgått av dei til Glastonbury.[10] Etableringa av normannisk styre var likevel spesielt vanskeleg ved Ely. Dei nykomne normannarane som Picot av Cambridge tok over klosterland,[11] franske munkar tileigna seg dotterkloster som Eynesbury, og biskopen av Lincoln blanda seg inn for å undergrava statusen til Ely. Alt dette forverra seg då Ely i 1071 blei fokus for engelsk motstand gjennom folk som Hereward the Wake. Motstanden kulminerte med omleiringa av Ely, som klosteret seinare fekk store bøter for.[12]

Under normannarane blei nesten alle dei engelske domkyrkjene og større klostera bygde opp att frå 1070-talet og framover.[13] Om Ely skulle halda fast på statusen sin, måtte ein byrja si eiga utbygging, og oppgåva fall på abbeden Simeon. Han var bror av Walkelin, den dåverande biskopen av Winchester, og hadde sjølv vore prior ved Winchester domkyrkje då gjenoppbygginga byrja der i 1079. I 1083, eit år etter at Simeon var blitt utnemnd til abbed av Ely, og då han var 90 år gammal,[14] byrja byggearbeidet. Åra etter den normanniske erobringa hadde vore turbulente for Abbey, men den eldre normanniske nykommaren tok kanskje litt uventa sida til munkane ved Ely, snudde tilbakegangen for klosteret og fann ressursane, ein administrativ kapasitet, identitet og målretting til å byrja reisa ein mektig ny bygning.[5]

Utforminga hadde mange likskapar med Winchester, som ein krossplan med sentralt kryssande tårn, transept med gangar, tre etasjar og ein apsis i ein halvsirkel på austkanten.[15] Byggverket var eit av dei største som blei reist nord for Alpane på den tida.[16] Den fyrste fasen av bygginga tok for seg den austlege delen av kyrkja, og dei nordlege og sørlege transepta. Ei tydeleg brot i måten steinen er lagt på vidare tyder på at det var ein uventa stopp i bygginga som varte i fleire år, med transepta framleis uferdige. Det verker som at då abbed Simeon døydde i 1093, fekk mangelen på ein fast leiar i eit lengre tidsrom alt arbeidet til å stoppa opp.[16] Leiinga til Ranulf Flambard kan ha vore skuld i stoppen. Han heldt ulike stillingar ufylte utan lov og rett, inkludert den som abbed av Ely, slik at han kunne ta inntekta sjølv. I 1099 fekk han seg sjølv utnemnd til biskop av Durham. I 1100 blei abbed Richard utnemnd som leiar av Ely kloster, og byggearbeidet starta opp att. Abbed Richard sjølvstende for Ely frå bispedømet Lincoln, og pressa på for at det skulle bli eit eige bispedøme klosterkyrkja som domkyrkje. Sjølv om abbed Richard døydde 1107, klarte etterfølgjaren hans Hervey le Breton å oppnå dette, og blei den fyrste biskopen av Ely i 1109.[5] Denne tida på byrjinga av 1100-talet var ei tid då Ely bekrefta dei gamle banda sine til den gammalengelske kulturen. Kampen for sjølvstande fall saman med perioden då ein gjenopptok bygginga av den nye kyrkja, noko som anna medførte at ein måtte ta ut relikviar frå den gamle bygningen og overføra han til den nye. Det verker som om dette vekka ein uventa entusiasme, i eit normannisk-fransk hegemoni, for å tilbe før-normanniske helgenar og velgjerarar.[5]

Den normanniske austenden og heile det sentrale området av kyrkja er no heilt borte, men arkitekturen til transepta er att i nesten komplett stand, og gjev eit godt inntrykk av korleis det ville ha sett ut. Massive veggar med romanske boger i ville ha danna gangar som gjekk rundt alle sidene av koret og transepta. Tre høgder av bogegangar stig opp frå arkadane langs sidene. Sidegalleri med gangar kunne brukast for liturgiske prosesjonar, og over desse er klerestoriet med ein gang innanfor tjukkleiken til veggen.[17]

Vestfronten og Galilee Porch

Bygginga av skipet var i gang frå rundt 1115, og takbjelkar som er daterte til 1120 tyder på at minst den austlege delen av taket i skipet var på plass då. Den store lengda til skipet gjorde at ein måtte bygga han i stadium, og etter å ha fullført fire travéar, nok til å trygt kunne underbyggja det kryssande tårnet og transeptet, var det ein planlagt pause i bygginga.[16] I 1140 stod skipet ferdig, i lag med dei vestlege transepta og vesttårnet opp til triforiumnivå, i den ganske enkle tidlege romanske stilen til det tidlege arbeidet. No fann det stad ein ny pause, i over 30 år, og då arbeidet blei tekke opp att, fann dei nye arbeidarane måtar til å sameina dei tidlegare arkitektoniske elementa med dei nye ideane og rikare dekorasjonane i tidleg gotikk.[18]

Presbyteriet og austenden[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste store omarbeidinga av eit element av den normanniske bygningen blei utført av Hugh av Northwold (biskop 1229-54). Den austlege armen hadde berre hatt fire travéar, som gjekk frå koret (til høgalteret og heilagdommen til Etheldreda. I 1234 byrja Northwold eit utbygging som la til seks nye travéar. Dei blei bygde over 17 år, i ein rikt ornamentert stil med mykje bruk av Purbeck-marmorstolpar og lauvutskjeringar. Leivningane etter Etheldreda blei overførte til ein ny heilagdom like aust for høgalteret i den nye bygningsdelen, og etter fullføringa av desse verka i 1252 blei katedralen gjeninnbigd med kong Henrik III og prins Edvard til stades.[19] Relikviane til helgenane Wihtburh og Seaxburh (systrer av Ethildreda) og Ermenilda (dotter av Seaxburh) ville òg ha vore plasserte her, og den nye bygningen gav mykje meir plass til pilegrimar til å vitja heilagdommen gjennom ei dør i nordtranseptet.[20] Presbyteriet har seinare blitt brukt til gravleggingar og minnesmerke til over 100 individ som er tilknytte klosteret og katedralen.[19]

Lady Chapel[endre | endre wikiteksten]

The Lady Chapel
Altar i Lady Chapel
The Virgin Mary (2000) i mariakapellet, av David Wynne (1926-2014)[21]

I 1321 byrja det arbeid på eit stort frittståande mariakapell, eller Lady Chapel, under under sakristanen Alan av Walsingham. Det var knytt til nordgangen av koret med ein dekka gang. Kapellet er 100 fot (30 m) langt og 46 fot (14 m) breitt og blei bygd i ein frodig dekorert gotisk stil i løpet av dei neste 30 åra.[22] I 1322 måtte ein uventa overføra handverkar og midlar til å reparera hovudkyrkja, noko som må ha saktna framgangen til bygginga av kapellet. Den nordlege og sørlege veggen har fem travéar som består av store vindauge med masverk som er skilde av søyler. Kvar av dei har åtte store nisjar der det ein gong var statuar.[23]

I 2000 blei det avduka ein statue av jomfru Maria i full storleik av David Wynne over altaret i kapellen. Statuen blei kritisert av lokale folk, og dekanen ved katedralen sa at han hadde fått mange klagebrev.[24][25]

Det oktagonale tårnet[endre | endre wikiteksten]

Taket i skipet og lanternetårnet, sett frå oktagonen mot vest.

Det sentrale oktagonale tårnet, med det enorme opne rommet i det indre og toppane og lanterna over, er det mest karakteristiske og kjende trekket ved katedralen.[26] Det blei til etter ei ulukke i midten av katedralen. Natta mellom 12. og 13. februar 1322 kollapsa det sentrale normanniske krosstårnet, kanskje som følgje av utgravingar for grunnsteinane til Lady Chapel. Arbeidet med kapellet blei avbrote og ein fokuserte på å handtera denne katastrofen. I staden for å erstatta tårnet med eit nytt tårn med same grunnplan, utvida ein det til ein oktagon med eit ope rom som var mykje større enn ein hadde hatt under det opphavlege tårnet. Bygginga av dette unike og karakteristiske tårnet blei oversett av Alan av Walsingham.[27] Det er ikkje heilt klart kvifor ein valde denne utforminga, men mistru til det mjuke jorda under dei tidlegare grunnsteinane kan ha vore ein stor faktor i å flytta all vekta til det nye tårnet lenger ut.[28]

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

View of Ely Cathedral, J.M.W. Turner (ca. 1796), Yale Center for British Art
  • Kyrkja blei måla i ein akvarell av J.M.W. Turner, kring 1796.[29][30]
  • Kyrkja opptrer i horisonten på omslaget til Pink Floyd-albumet The Division Bell frå 1994, og i musikkvideoen til ein singel frå albumet, High Hopes.[31]
  • På omslaget til ei rekkje album med kormusikk av John Rutter er det bilde av katedralen, sidan tidleg opptak av musikken hans blei spelt inn i Lady Chapel her.
  • Det er direkte referansar til katedralen i barneboka Tom's Midnight Garden av Philippa Pearce, som blei filmatisert i 1999.
  • Ein del av filmen Elizabeth: The i Golden Age blei filma i kyrkja i juni 2006.
  • Filming til The Other Boleyn Girl fann stad i katedralen i august 2007.
  • Store delar av romanen Floodland frå 2000 av Marcus Sedgwick finn stad i katedralen etter at havet har dekt landet rundt, og gjort Ely til ei øy.
  • I november 2009 blei det gjort ei vekes filming i katedralen, som erstatta Westminster Abbey i The King's Speech.[32]
  • I april 2013 var Mila Kunis ved katedralen og filma Jupiter Ascending.[33]
  • Ei filmatisering av Macbeth nytta katedralen til filming i februar og mars 2014.[34]
  • I 2016 erstatta kyrkja Westminster Abbey att i Netflix-serien The Crown.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. elycathedral.org facts-and-figures Arkivert 28 May 2015 ved Wayback Machine. accessed 21 September 2015
  2. elycathedral.org service-schedules Arkivert 26 September 2015 ved Wayback Machine. accessed 21 September 2015
  3. Ely Cathedral: A descriptive tour Arkivert 26. mars 2015 ved Wayback Machine.
  4. Keynes, Simon (2003). «Ely Abbey, 672–1109». I Meadows, Peter; Ramsay, Nigel. A History of Ely Cathedral. Woodbridge: The Boydell Press. s. 3–58. ISBN 0-85115-945-1. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Keynes 2003.
  6. The English Cathedral. Tatton-Brown, T. and Crook, J. ISBN 1-84330-120-2
  7. «History & Heritage – The Ship of the Fens». Ely Cathedral. Arkivert frå originalen 12 July 2010. Henta 6 February 2014. 
  8. «Ely Cathedral». Eastern Daily Press. 15 April 2010. Arkivert frå originalen 14 November 2011. Henta 27 November 2014. 
  9. «A descriptive tour of Ely Cathedral». Henta 24. februar 2020. 
  10. Keynes 2003, s. 40.
  11. Keynes 2003, s. 47.
  12. Keynes 2003, s. 44-47.
  13. Fernie, Eric (2003). «The architecture and sculpture of Ely Cathedral in the Norman period». I Meadows, Peter; Ramsay, Nigel. A History of Ely Cathedral. Woodbridge: The Boydell Press. s. 95–112. ISBN 0-85115-945-1. 
  14. Keynes 2003, s. 48.
  15. Fernie, Eric (1979). «Observations on the Norman Plan of Ely Cathedral». I Coldstream, Nicola; Draper, Peter. Medieval Art and Architecture at Ely Cathedral. BAA Conference Transactions. The British Archaeological Association. s. 1–7. 
  16. 16,0 16,1 16,2 Fernie 2003.
  17. Fernie 2003, s. 97.
  18. Maddison, John (2003). «The Gothic Cathedral: New Building in a Historical Context». I Meadows, Peter; Ramsay, Nigel. A History of Ely Cathedral. Woodbridge: The Boydell Press. s. 113–141. ISBN 0-85115-945-1. 
  19. 19,0 19,1 Ely Cathedral: A descriptive tour Arkivert 26 March 2015 ved Wayback Machine., accessed 16 March 2015
  20. Lindley, Phillip (1995). «The Imagery of the Octagon at Ely». Gothic to Renaissance: Essays on Sculpture in England. Stamford: Paul Watson. s. 142. ISBN 1871615763. 
  21. Ely Cathedral: A descriptive tour Arkivert 26. mars 2015 ved Wayback Machine., accessed 16. mars 2015
  22. Maddison 2003.
  23. King, Richard John (1862). «Ely Cathedral». Handbook to the Cathedrals of England — Vol. 3, Eastern Division. John Murray. s. 219. Arkivert frå originalen 11 October 2016. Henta 29 July 2016. 
  24. «Row over 'Virgin' statue». BBC News. 12 September 2001. Henta 10 March 2020. 
  25. Greer, Germaine (10 September 2007). «The Church is no stranger to bad art». The Guardian (London). Henta 10 March 2020. 
  26. Pevsner, Nikolaus (1970). The Buildings of England: Cambridgeshire (Second utg.). Penguin Books. s. 355. 
  27. Coldstream, Nicola (1979). «Ely Cathedral: the Fourteenth-Century Work». I Coldstream, Nicola; Draper, Peter. Medieval Art and Architecture at Ely Cathedral. BAA Conference Transactions. The British Archaeological Association. s. 28–46. 
  28. Maddison 2003, s. 127.
  29. «View of Ely Cathedral - Joseph Mallord William Turner, 1775–1851, British». 
  30. «'Ely, engraved by Walker', after Joseph Mallord William Turner, published 1797». 
  31. «V&A · the graphic identity of Pink Floyd». 
  32. Ely News Arkivert 5 May 2013 ved Archive.is Retrieved 24 April 2013
  33. Mila Kunis at the Cathedral Arkivert 27 April 2013 ved Wayback Machine. Retrieved 24 April 2013
  34. Setting up for filming of Macbeth at Ely Cathedral gets underway Arkivert 27 March 2014 ved Wayback Machine. Retrieved 26 March 2014

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ely domkyrkje