Elysium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gresk gravminn som kan framstilla Elysion.

Elysion eller Elysium er eit dødsrike i gresk og romersk mytologi. Dette er ein lukkeleg stad der ein rekna med at menneske som hadde døydd, og andre, kunne ha eit sorglaust tilvere som likna det gudane hadde.[1]

Det blir også kalla «den elysiske sletta» eller «dei elysiske markene». Staden er nemnd i Ode til gleda og har gjeve opphav til gatenamnet Champs-Élysées i Paris.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Elysion». Store norske leksikon (på norsk). 2018-02-20. 
  • Burkert, Walter: Greek Religion, 1985.