Emballasje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein eggekartong, emballasje til oppbevaring og transport av egg.
Foto: Frank C. Müller
Vin kan emballerast i glasflasker som igjen kan emballerast i ein fletta fiasco.

Emballasje (av fransk emballage)[1][2] er utstyr til å pakka inn, lagra og verna produkt. Emballasjen kan også gje informasjon om og reklamera for produktet.[3]

Emballasje blir brukt både til råvarer og ferdig tilverka varer, og kan vera laga av mange ulike materiale som glas, tre, plast, metall, papp eller papir. Han har utforming etter storleiken og typen ting han inneheld, og kan vera utforma som boksar, esker, flasker, poser og anna.

Materiale[endre | endre wikiteksten]

Ein lagar som regel emballasje av fire basismateriale:[3]

  • Tre og trefiber: papp, papir, kartong, bølgjepapp, treemballasje og pallar
  • Petroleum: ei rekkje ulike plastmateriale som plastfilmar, plastposar, sprøytestøpt og formblåst plast (flasker, kassar), og ei rekkje kombinasjonsmateriale
  • Metall (blikk og aluminium): boksar, tuber, behaldarar og fat
  • Glas: flasker, syltetøyglas, pilleglas, behaldarar

Ein kan også kombinera ulike emballasjemateriale for å oppnå ønskte eigenskapar som barrieretettleik, stablestyrke eller produktidentifisering. Papir kan få plastfilm på seg for å bli vasstett, tynne plastskåler kan kombinerast med pappomslag for å gje stablestyrke og produktinformasjon.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Keramikk er eit svært gammalt emballasjemateriale. Ein kunne opppbevara mat nedlagt i olje i leirkrukker over lengre tid. Noko seinare i historia nytta ein tønner og fat både som emballasje og som måleining. Vinflasker og blikkemballasje kom til på 1700-talet.[3]

På 1800-talet byrja ein for alvor å ta i bruk papiremballasje. På slutten av hundreåret byrja ein også å ta i bruk kunststoffa celluloid og bakelitt på europeiske marknader. Plast kom først i bruk etter andre verdskrigen.[3]

I daglegvarehandelen blei praktisk talt alle matvarer selde i laus vekt over disk frå skuffer, tønner, sekkar osb. heilt frem til 1940-åra. Sidan har det ei rekkje stader funne stad ein overgang til sjølvbetjening der kundar sjølv plukkar ferdig emballerte varer. Dette har medført ei kraftig utvikling for emballasjeindustrien med nye materiale, former og design.[3]

Innan mange typar detaljhandel er emballasjen blitt viktig som reklamelement, og utforminga av emballasjen er ein viktig del av profileringa av produktet. Bruk av emballasje gjev ei meir rasjonell varehandtering i alle distribusjonsledd. Han kan også gje klar informasjon om produktet, som varedeklarasjon eller ei oversyn over innhald/ingrediensar.[3]

Samtidig utgjer emballasje eit betydeleg avfallsproblem. I nokre høve løyser ein dette problemet gjennom innsamling og gjenbruk eller gjenvinning av emballasjen, som med panteordningar for flasker.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «emballage — ODS», ordnet.dk, henta 20. august 2019 
  2. «emballasje - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 20. august 2019 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 «emballasje». Store norske leksikon (på norsk). 14. august 2018.