Emerald Cove

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Emerald Cove
vik
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad King George Island i Sør-Shetlandsøyane
 - koordinatar 61°35′S 57°46′W
Administrert under Antarktistraktaten

Emerald Cove
61°34′60″ S 57°46′0″ W
Emerald Cove is located in Antarktis
Emerald Cove (Antarktis)

Emerald Cove er ei vik som ligg mellom North Foreland og Brimstone Peak på nordkysten av King George Island i Sør-Shetlandsøyane. Namnet «Shireff's Cove» (med ein 'r') vart gjeven av William Smith i 1819, etter kaptein William H. Shirreff i Royal Navy, som han rapporterte oppdaginga av Sør-Shetlandsøyane til. I 1820 vart skildringa til Smith av landgangen på North Foreland forveksla med skildringa hans av trekk nord på Livingston Island, og namnet vart nytta om ein terrengdetalj på den øya, der det vart offisielt akseptert. Namnet «Emerald Cove» vart gjeven av UK Antarctic Place-Names Committee i 1960 og er kalla opp etter briggen «Emerald» (kaptein John G. Scott) frå Boston, som vitja Sør-Shetlandsøyane i 1820–21 i lag med «Esther». Desse to fartøya redda mannskapet på «Venus» frå Esther Harbour i mars 1821.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Emerald Cove» (innhald frå Geographic Names Information System).