Emily Osment

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Emily Osment
Emily Osment - Guardians of the Galaxy premiere - July 2014 (cropped).jpg
Fødd10. mars 1992
FødestadLos Angeles
OpphavUSA
Aktiv2006–
Sjangerpop
Instrumentgitar, vokal
PlateselskapWind-Up Records
Verka somskodespelar, singer-songwriter, songar, stemmeskodespelar, komponist, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar
FarEugene Osment

Emily Jordan Osment (fødd 10. mars 1992 i Los Angeles) er ein amerikansk skodespelar, songar og låtskrivar. Osment byrja si skodespelarkarriere ved å spele i fleire reklamefilmar, før ho debuterte i spelefilmen The Secret Life of Girls i 1999. Det same året fekk ho ei rolle i Hallmark-filmen Sarah, Plain and Tall: Winter's End, som dottera til Glenn Close og Christopher Walken. Denne rolla førte til ein nominasjon for Beste unge skodespelar. Etter det spelte Osment fleire mindre rollar på TV, mellom anna 3rd Rock from the Sun, Touched by an Angel, og Friends.

Osment er mest vidgjeten for rolla som Lilly Truscott i Hannah Montana og Gerti Giggles i to av Spy Kids filmane. Ho har ein av hovudrollane i filmen Dadnapped, ein Disney Channel-film.


Spire Denne filmartikkelen som har med USA å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.