Let's Be Friends

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Let's Be Friends
Studioalbum av Elvis Presley
Utgjeve April 1970
Innspelt Mars 1962 til mars 1969
Sjanger Rock
Lengd 21:23
Selskap RCA Camden
Elvis Presley-kronologi
From Memphis to Vegas/From Vegas to Memphis
(1969)
Let's Be Friends On Stage
(1970)


Let's Be Friends er det 37. albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Camden Records i april 1970. Det var det andre billigalbumet som Presley gav ut på RCA Camden. Det nådde 105. plassen på Billboard 200-lista.[1] Albumet selde til gullplate 15. juni 1999 og platina den 6. januar 2004 hos Recording Industry Association of America.[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Som føregjengaren Elvis Sings Flaming Star, består Let's Be Friends av ei samling songar som ikkje var gjevne ut tidlegare. Desse var spelt inn for filmane til Presley.[3] Etter at Presley på ny hadde fått fart i karrieren sin, kan Colonel Tom Parker, manageren til Presley, ha protestert mot å utnytte marknaden på denne månen, men dette var ein del av kontrakten Presley hadde med RCA.[3]

Albumet inneheldt to songar som ikkje var frå filmar, frå innspelinga vinteren 1969 i American Sound Studio i Memphis, «I'll Be There» og «If I'm a Fool (For Loving You)».[4] «Mama» vart sungen i filmen Girls! Girls! Girls! av The Amigos og Presley, og ei forkorta utgåve kom ut på CD-plata Elvis Double Features: Kid Galahad/Girls! Girls! Girls!.[5] «Let's Forget About the Stars» var blitt spelt inn for filmen Charro!, men vart ikkje nytta i filmen. «Almost» var ein av berre to songar frå The Trouble with Girls som kom ut medan Presley levde. Tre songar, «Let's Be Friends», «Change of Habit» og «Have a Happy», var opphavleg for filmen Change of Habit. To andre songar frå filmen «Rubberneckin'» og «Let Us Pray», kom ikkje med på albumet, medan den førstnemnde vart gjeven ut på singel i 1969 og sistnemnde kom ut på billigsamlinga You'll Never Walk Alone i 1971.

Som alle Presley-albuma på Camden, var albumet kort, for kort for eit fullprisalbum. I 1975 vart det gjeve ut på ny på Pickwick Camden Records med det originale katalognummmeret #CAS 2408. Plata vart gjeve ut på CD av Sony Music Entertainment i 2006.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «Stay Away, Joe» (frå Stay Away, Joe)Ben Weisman, Sid Wayne1. oktober 1967 1:37
2. «If I'm a Fool (For Loving You)»  Stan Kesler20. februar 1969 2:43
3. «Let's Be Friends» (frå Change of Habit)Chris Arnold, David Martin, Geoff Morrow5. mars 1969 2:41
4. «Let's Forget About the Stars» (frå Charro!)A.L. Owens15. oktober 1968 2:22
5. «Mama» (frå Girls! Girls! Girls!)Charles O'Curran, Dudley Brooks28. mars 1962 2:13
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «I'll Be There»  Bobby Darin23. januar 1969 2:21
2. «Almost» (frå The Trouble with Girls)Ben Weisman, Buddy Kaye23. oktober 1968 1:47
3. «Change of Habit» (frå Change of Habit)Ben Weisman, Buddy Kaye5. mars 1969 3:18
4. «Have a Happy» (frå Change of Habit)Ben Weisman, Dolores Fuller, Buddy Kaye5. mars 1969 2:21

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Let's Be Friends». Allmusic. Rovi Corp. 2013. Henta 7. januar 2017. 
  2. «Searchable database». RIAA. Recording Industry Association of America. 2013. Henta 7. januar 2017.  Merk: Søk på «Let's Be Friends»
  3. 3,0 3,1 Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 295.
  4. Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 266, 275.
  5. BMG Music Cat. No. 74321134302 (1993)