Emily Sando

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Emily Sando


Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. mars 1989 (35 år)
Tønsberg
Idrett handball

Emily Stang Sando (fødd 8. mars 1989) er ein norsk handballspelar frå Holmestrand. Målvakta vart europameister med Noreg i 2014.

Sando var knytt til Larvik HK frå 2006 til -10. Deretter vakta ho i tre år målburet til Flint frå Tønsberg, før ho fekk kontrakt med danske Esbjerg, eit lag ho spelte på i fire år. Sommaren 2017 skifta ho over til HB Odense.

I tida 2010-20 deltok Sando i 30 landskampar. Då Noreg i desse åra hadde fleire av verdas beste målvakter i kvinne-handball, fekk ho berre få innhopp i landslaget. I si einaste meisterskapsturnering, Handball-EM 2014, imponerte ho stort i landskampen mot Ukraina, ein kamp Noreg vann 34-23. Meisterskapen enda med EM-gull til Noreg og Sando. Ho deltok i dei to fyrste kampane til Noreg under EM 2020 i Danmark, vart deretter bytta ut med Katrine Lunde.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]