Emma Stone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Emma Stone
Emma Stone at Maniac UK premiere (cropped).jpg
Fødd6. november 1988 (33 år)
FødestadScottsdale
FødenamnEmily Jean Stone
Aktive år2004–
Verka somfilmskodespelar, fjernsynsskodespelar, teaterskodespelar, stemmeskodespelar, songar, skodespelar
EktefelleDave McCary
BornLouise McCary
PrisarGolden Globe, Oscar for beste kvinnelege hovudrolle, BAFTA Award for Best Actress in a Leading Role

Emily Jean «Emma» Stone (fødd 6. november 1988[1]) er ein amerikansk skodspelar som er kjend for roller som Skeeter i Barnepiken og Gwen Stacy i The Amazing Spider-Man. Elles har Stone òg opptredd i filmar som Crazy, Stupid, Love, Marmaduke og Gangster Squad. Ho vann Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for rolleskildringa i La La Land og fekk hovudrolle i Disneys Cruella (2021).

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Emma Stone i 2010.

Stone hadde fleire småroller på TV, før ho fekk ei av hovudrollene i TV-serien Drive (2007), som vart kansellert etter fire episodar. Den første store filmrolla hennar var i komedien Superbad (2007), der ho spelte mot mellom anna Jonah Hill og Michael Cera. Ho spelte deretter i fleire komediar, som The Rocker (2008), The House Bunny (2008) og Ghosts of Girlfriends Past, før ho fekk rolla som Wichita i hitfilmen Zombieland (2009), som også hadde med Jesse Eisenberg og Woody Harrelson. Etter det fekk ho hovudrolla i Easy A og Barnepiken, og dessutan at ho òg spelte ei viktig rolle i Crazy, Stupid, Love med Steve Carell og Ryan Gosling. Stone vart nominert til ein Golden Globe for rolla si i Easy A.

Ho portretterte Gwen Stacy i The Amazing Spider-Man med Andrew Garfield, som var ein gjeninnspeling av Spider-Man-serien frå 2000-talet. Ho hadde òg denne rolla i oppfølgjaren The Amazing Spider-Man 2 frå 2014.[2][3] Stone spelte igjen mot Ryan Gosling i kriminalfilmen Gangster Squad (2013), ein film der òg Josh Brolin og Sean Penn spelte hovudroller.

Ho har òg spelt i filmane Birdman og Magic in the Moonlight. Stone vart nominert til Oscar for beste kvinnelege birolle for rolleskildringa i Birdman. I 2017 vann ho òg Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for arbeidet i Damien Chazelles filmmusikal La La Land, der ho spelte hovudrolla som Mia Dolan.

Biografiske opplysningar[endre | endre wikiteksten]

Ho er dotter av Krista og Jeff Stone, har ein bror som heiter Spencer, og kan spora delar av familien tilbake til Sverige. Ho har opplyst at familie og venner kallar henne Emily, men at ho har teke artistnamnet Emma fordi namnet Emily Stone allereie var oppteke då ho søkte om å bli medlem i Screen Actors Guild, i tillegg til at mora bruker det som kjælenamn på henne. Som døme på favorittfilmar har ho nemnt Manhattan, Network, Harold and Maude og Byens lys. Skodespelaridola hennar er Gilda Radner og Diane Keaton.

Emma Stone er naturleg blond, men ho fekk si første rolle i tenåra etter å ha farga håret mørkebrunt.[4] Judd Apatow, produsenten av Superbad, fekk henne deretter til å farga håret raudt fordi han meinte dette passa betre til rolla i Superbad. Som Gwen Stacy i The Amazing Spider-Man og The Amazing Spider-Man 2 har ho sin naturlege blonde hårfarge.[5]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Film[endre | endre wikiteksten]

Stone på premièren av Zombieland i september 2009.
Emma på San Diego Comic-Con International i juli 2011.
Årstall Film Rolle Merknader
2007 Superbad Jules
2008 The Rocker Amelia
The House Bunny Natalie
2009 Ghosts of Girlfriends Past Allison Vandermeersh
Paper Man Abby
Zombieland Wichita / Krista
2010 Marmaduke Mazie Kun stemme
Easy A Olive Penderghast Nominert — Golden Globe Award - Best Actress – Motion Picture Musical or Comedy
2011 Friends with Benefits Kayla
Crazy, Stupid, Love. Hannah Weaver People's Choice Award - Favorite Movie Actress (med Barnepiken)
Barnepiken Eugenia "Skeeter" Phelan People's Choice Award - Favorite Movie Actress (med Crazy, Stupid, Love.)

Satellite Award - Best Cast – Motion Picture

Screen Actors Guild Award - Outstanding Performance by a Cast in a Motion Picture
2012 The Amazing Spider-Man Gwen Stacy Nominert — People's Choice Award - Favorite On-Screen Chemistry (med Andrew Garfield)

Nominert — People's Choice Award - Favorite Movie Actress

Nominert — People's Choice Award - Favorite Face of Heroism
2013 Gangster Squad Grace Faraday
Movie 43 Veronica Segmentet Veronica
The Croods Eep Stemme
2014 Birdman Sam Thomson Nominert — Oscar for beste kvinnelige birolle

Nominert — Golden Globe for beste kvinnelige birolle
The Amazing Spider-Man 2 Gwen Stacy
Magic in the Moonlight Sophie Baker
2015 Aloha Allison Ng
Irrational Man Jill Pollard
2016 Popstar - Never Stop, Never Stopping Claudia Cantrell
La La Land Mia Dolan Golden Globe for beste kvinnelige hovedrolle i en musikal eller komedie
2017 Battle of the Sexes Billie Jean King

Fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

Årstal Film Rolle Merknader
2004 In Search of the Partridge Family Laurie Contestant Vinnar (som Emily Stone)
The New Partridge Family Laurie Partridge Hovudrolle; Pilot
2005 Medium Cynthia McCallister Episode: Sweet Dreams
Malcolm in the Middle Diane Episode: Lois Strikes Back (som Riley Stone)
2006 Zack og Codys søte hotelliv Ivana Stemme; episode: Crushed
Lucky Louie Shannon Episode: Get Out
2007 Drive Violet Trimble Hovudrolle; sju episodar
2010–11 Saturday Night Live Vert Tre episodar
2011 Robot Chicken Ulike stemmar To episodar
2012 30 Rock Seg sjølv Episode: The Ballad of Kenneth Parcell
iCarly Heather Episode: iFind Spencer Friends

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Emma Stone Arkivert 21. juni 2012 på Wayback Machine. People.com. Besøkt 9. mars 2014.
  2. Dane DeHaan set for ‘Spider-Man 2′ Variety. Besøkt 9. mars 2014.
  3. The Amazing Spider-Man 2 Filmweb. Besøkt 9. mars 2014.
  4. Emma Stone: Spider-Man's new girl Independent. Besøkt 9. mars 2014.
  5. Emma Stone is summer's hot ticket USA Today. Besøkt 9. mars 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]