Emme
Utsjånad
| Emme | |||
| elv | |||
Emme nær Schüpbach. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Kanton | Bern | ||
| Nedslagsfelt | 983 km² | ||
| Lengd | 80 km | ||
| Vassføring | |||
| • middel | 20 m³/s | ||
| • maks | 500 m³/s | ||
| Kjelde | mellom Hohgant og Augstmatthorn | ||
| Munning | Aare | ||
| - stad | nedanfor Solothurn | ||
| - koordinatar | 47°13′N 7°34′E / 47.217°N 7.567°E | ||
![]() Emme 46°45′32″N 7°54′52″E / 46.758888888889°N 7.9144444444444°E | |||
| Wikimedia Commons: Emme | |||
Emme er ei elv i Sveits. Ho spring ut i Alpane mellom fjella Hohgant og Augstmatthorn i kantonen Bern. Emme er 80 kilometer lang og renn gjennom Emmental og ut i Aare nedanfor Solothurn. Nedslagsfeltet er 983 km². Middelvassføringa ved munningen er kring 20 kubikkmeter per sekund og den maksimale vassføringa kan vere opp mot 500 kubikkmeter per sekund.
Emme er kjend for brå endringar i vassføringa. Forteljinga Die Wassernot im Emmental (Flaumen i Emmental) av Jeremias Gotthelf skildrar ein av dei mest kjende flaumane, som skjedde 13. august 1837. Denne og andre flaumar gjorde at det vart bygd mange kanalar og demningar på 1800-talet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Emme (river)» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2012.
