Solothurn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Solothurn
Horisonten til Solothurn
Kommunevåpenet til Solothurn
Kommunevåpenet til Solothurn


Plassering
Solothurn is located in
Styresmakter
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton kantonen Solothurn
Distrikt Solothurn
Språk tysk
Borgarmeister Kurt Fluri
Geografi
Flatevidd
 - kommune

6,28 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember2010)
   - folketettleik

16 163
  2 573,7 /km²
Koordinatar 47°13′0″N 7°32′0″EKoordinatar: 47°13′0″N 7°32′0″E
Høgd over havet 430 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 4500
Nettstad: www.stadt-solothurn.ch
Reichsstadt Solothurn
Riksstaden Solothurn
Bystat
Zähringen
12181648 Blank.png
Hovudstad Solothurn
Styreform Republikk
Historisk periode Mellomalderen
 - Grunnlagd AD 14–37
 - Fekk Reichsfreiheit 1218
 - Alliert med Bern 1295
 - Tilknytt Sveits 1353
 - Mislukka annektering av
    grevane av Kyburg
 
Natt til 10. november 1382
 - Full medlem av
    Sveits
 
22. desember 1481
 - Medlem av Den gyldne ligaen 5. oktober 1586
 - Sveitsisk sjølvstende
    anerkjend
 
24. oktober 1648

Solothurn (fransk Soleure, italiensk Soletta, retoromansk Soloturn) er hovudstad i kantonen Solothurn i Sveits. Kommunen har 16 163 innbyggjarar (2010) og eit areal på 6 km². Kommunesenteret ligg 430 meter over havet. Byen utgjer den einaste kommunen i distriktet med same namn. Byen ligg 36 km nord for Bern, ved elva Aare og foten av Jurafjella.

Han har stor verkstadindustri, hovudsakleg jern- og metallvare- og maskinindustri og produksjon av instrument. Byen er eit viktig jernbaneknutepunkt og kjend for den vakre barokkarkitekturen.

Gamlebyen ligg ved breidda av Aare og er dominert av mange vakre bygg frå renessansen og barokken, mellom anna St. Ursen-katedralen frå 1763-1773 og eit rådhus frå 1400-talet. Den gamle bymuren er delvis bevart med tårn. Byen har store naturhistoriske og arkeologiske samlingar, måleri- og kunsthandverkssamlingar i bymuseet. Solothurn er biskopssete for Basel stift av den romersk-katolske kyrkja; St. Ursen-katedralen i Solothurn er domkyrkje for stiftet.

Solothurn har eit rikt kulturliv, og er mellom anna kjend for film- og litteraturdagane.

Solothurn heitte i romersk tid Salodurum og det låg eit romersk kastell her. Byen vart fri riksstad i 1218 og slutta forbund med Bern. I 1481 vart byen medlem av Det sveitsiske eidssambandet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Solothurn