Enduro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Enduro i Arratzu i Spania.
Stefan Merriman, verdmeister i enduro i 2004

Enduro er namnet på ein konkurranseport der motorsyklar vert køyrde på baner som er lagt i terreng som gjev køyrarane store utfordringar som ikkje berre krev dugleik, men òg at dei er særs uthaldande. Dette vert poengtert i namnet på sporten, som kjem av spanske og italienske versjonar av det engelske ordet endurance. Det finst jamvel enduro for snøskutarar.

I enduro vert det nytta modifiserte, men elles i og for seg vanlege motorsyklar, med motorar med slagvolum på 125 - 650 cm³. Ein 125 cm³ motorsykkel veg om lag 100 kg, medan dei større syklane, opp til 650 cm³, veg 120-130 kg. Ein sykkel med 125 cm³ totaktsmotor er på 35 - 40 hk, medan dei større kan vere på meir enn 50. Det er fire ulike klasser, E0, E1, E2 eller E3, inndelt etter slagvolumet (cm³) på motorane på syklane, og om dei har to- eller firetakts motor. Motorane skal vere bensindrivne.

Ein namngjeten edurokøyrar frå Noreg er Pål Anders Ullevålseter frå Ullevålseter i Oslo.