Engen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Engen er ei veglaus grend som ligg på sørsida av Holandsfjorden i Meløy kommune.

Frå Engen er det om lag to km til nordlandsgarden Fondal gard. Det er frå Engen ein må gå for å koma til Engabreen, ein arm av Svartisen i Meløy. Staden er difor ganske tungt trafikkert av turistar i bresesongen, og souvenirbutikken/restauranten Brestua er bygd i samband med breturistane.

Engen har i dag berre nokre få fastbuande. Det vert drive saue- og storfehald her, og ein kan bestilla skyss frå Holand over til gjestebrygga på Engen med eit lokalt skyssbåtfirma. Engen har postadresse Halsa.

Ovanfor Engen ligg Engabrevatnet. Frå Engen er det lettast tilkomst til turisthytta Tåkeheimen og fjelltoppen Helgelandsbukken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]