Engabreen

Koordinatar: 66°40′57″N 13°46′10″E / 66.68250°N 13.76944°E / 66.68250; 13.76944
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Engabreen
isbre
Land  Noreg
Område Meløy i Nordland
Type Brearm
Arm Svartisen
Areal 34 km²
Lengd 11,5 km
Toppunkt 1575 moh
Botnpunkt 10 moh
Koordinatar 66°40′57″N 13°46′10″E / 66.68250°N 13.76944°E / 66.68250; 13.76944
Kart
Engabreen
66°41′57″N 13°44′57″E / 66.69906°N 13.74928°E / 66.69906; 13.74928
Wikimedia Commons: Engabreen

Engabreen eller Engenbreen er ein brearm av isbreen Svartisen. Engabreen ligg ved Holandsfjorden i Meløy kommune i Nordland fylke. Staden har ikkje tilkomst frå bilveg, men har landingsplass for mindre båtar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Søraust for Holandsfjorden ligg Svartisen på ca. 1200 - 1400 moh. Engabreen flyt ned mot Engabrevatnet. Den nedste brekanten varierer i høgd og endar ca. 7 - 40 moh. Brearmen har trekt seg kraftig tilbake etter om lag år 1910 då isen dekte heile Engabrevatnet. Ikkje langt frå brearmen, på 1070 moh. ligg Tåkeheimen, ei hytte ått og driven av Bodø og Omegns Turistforening. Fjelltoppen Helgelandsbukken på 1454 moh. ligg òg like ved. Det finst tunnelar under Engabreen som samlar og leier smeltevatn til Svartisen kraftverk.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Turistar vert sette i land frå eit turistskip på Holandsfjorden, kring 1890.
(Foto: Axel Lindahl/Norsk Folkemuseum)
Turistfylgjet er framme ved brekanten.
(Foto: Axel Lindahl/Norsk Folkemuseum)

Denne brearmen ned frå Svartisen har vore eit trekkplaster for turistar fordi han har enkel tilkomst og kan sjåast frå fjorden. Ein kjenner til at cruiseturismen starta på 1890-talet og blomstra opp på 1920-talet. Lista over skip som har vitja fjorden ved Engabreen omfattar også SS «Norway» (4. august 1984) og franske SS «Lafayette» på 36 000 tonn (5. august 1934). Etter siste tusenårsskiftet har talet på besøkande som kjem på land ved isen veksla mellom ca 20 000 og 25 000 personar pr år. I 2001 var talet på 21 000, av dei kom ca. 40 % med turbåt frå Hurtigruta og 17 % med cruiseskip.

Laboratoriet[endre | endre wikiteksten]

Ved bretunga, ca. 600 moh. finst ein tunnelinngang som leier inn til eit glasiologisk forskingslaboratorium i fjellet under isen. I «Svartisen Subglasiala Observatorium» kan forskarar studere kjemi i vatn og is, og erosjonen der isbotnen sklir og skrapar over fjellet. Ved laboratoriet finst ei opning inn under isen kor forskarar kan ta prøver av isen og studere rørsla. Dette er einaste kjente staden i verda kor ein kan gjere studiar ved slike vilkår under ca. 200 meter tjukk ismasse.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1723 rykte Engabreen så langt fram at garden Storsteinøyra på Engen vart øydelagd, medan garden Fonnøyra vart hardt råka. I den kalde perioden kalla Den vesle istida skjedde dette med brear over heile landet og mange gardar i bredalar vart øydelagd på 1700-talet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Rekstad, (1893) - «Beretning om en undersøkelse av Svartisen, foretagen somrene 1890 og 1891. Archiv for Mathematik og Naturvidenskaberne», 21, s. 229-270.