Engevik Gaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Engevik Gaard er ein offisergard frå 1700-talet som ligg ved Sævareidfjorden i Bjørnafjorden kommune. Anlegget har ni bygningar, og hovudbygningen frå 1770 er sentralt plassert.

Engevik vart kjøpt av majoren Christian Wilhelm Segelcke på 1720-talet. Garden fungerte som embetsgard og militær sjefsgard i over 100 år for Søndre Bergenhus Infanteriregiment. I dag er garden eigd av eigarar i åttande generasjon og det er framleis drift med hald av sauer og storfe.[1] Det er tilbode omvising på garden, og det vert servert lokale retter. I eldhuset kan besøkjande oppleva baking og baka potetkaker.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Engevik Gaard». Fusa kommune. Henta 3. september 2013. 
  2. «Engevik Gaard». olavsrosa.no. Henta 3. september 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]