Enotek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Enotek i provinsen Belluno i Italia.
Enotek i Menfi i Italia.

Enotek eller vinotek (italiensk: enoteca; fransk: œnothèque) er ein vinbutikk eller vinutstilling der det vert selt og synt fram vin og gjeve smaksprøvar på vinen, ofte saman med ost, pølse eller anna. Utvalet er vanlegvis stort. I vinproduserande land er det ofte vin frå lokale produsentar som vert tilbode på enoteka, som i stor grad vendar seg til turistar.

Ordet enotek kjem frå det italienske ordet enoteca, som har opphav i det greske ordet Οινοθήκη, som eigenleg tydar vinlager. I Italia har ordet vore nytta om ein særleg type lokal eller regional vinhandel som oppstod der.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]