Enrico Betti
Enrico Betti | |
![]() | |
Fødd | 21. oktober 1823 Pistoia |
---|---|
Død | 11. august 1892 Terricciola |
Nasjonalitet | Kongedømet Italia |
Område | topologi, matematikk, fysikk, politikk |
Yrke | matematikar, topolog, professor, politikar, fysikar |
Institusjonar | Universitetet i Pisa Scuola normale superiore |
Alma mater | Universitetet i Pisa |
Doktorgradsrettleiar | Giuseppe Doveri |
Medlem | Kungliga Vetenskapsakademien Göttingens vitenskapsakademi Accademia Nazionale dei Lincei Det prøyssiske vitskapsakademiet Accademia delle Scienze di Torino |
Enrico Betti (21. oktober 1823–11. august 1892) var ein italiensk matematikar.
Han var mesteparten av livet sitt professor i Pisa, men var ei kortare tid i det politiske livet som deuptert og senator. Betti tok først opp likningsteori og sidan funksjonsteorien. Gjennom påverknad av Bernhard Riemann vart Betti interessert i topologi, og i 1871 offentleggjorde han det grunnleggande arbeidet der han innfører dei såkalla bettiske tala. Dei samla verka hans utkom i to bind i 1903 og 1913.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Enrico Betti. (2011-11-10) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Enrico_Betti