Ensemblevarsling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ensemblevarsling (Ensemble Prediction System - EPS) er ein metode som dei fleste moderne operasjonelle vêrvarslingssenter nyttar for å kunne sjå kor usikre eit varsel er. Det går ut på at ein køyrer ei rekkje modellar der ein har endra litt på startvilkåra. Dei forskjellige modellane vert så kombinert og dannar eit probabilistisk varsel som kan seie noko om sannsynet for at visse vêrsituasjonar skal oppstå.

På grunn av dei kaotiske eigenskapane til atmosfæren er ein varslingsmodell særs sensitiv for små endringar i startvilkåra til modellen. Ein varslingsmodell må ha startvilkår, som er observasjonsdata henta frå observasjonsnettverket på bakken, satellittdata og anna, som han nyttar til å rekne ut den vidare utviklinga til vêret. Det har vist seg at ein særs liten endring i startvilkåra, det kan vere å flytte ei trykkflate 10 meter opp i atmosfæren, kan få store konsekvensar for kva vêr som vert varsla, særleg 5-10 dagar fram i tid. Dette er hovudårsaka til at ein i dag stort sett ikkje kan varsle meir enn 5-7 dagar fram i tid før varsla vert for usikre.

Med eit ensemblevarsel gjer ein ørsmå endringar i startvilkåra. Ei køyring, kontrollkøyringa, får stå urørt, medan ein gjer ei positiv endring på den eine halvdelen og ei tilsvarande negativ endring på den gjenverande halvdelen. Til dømes flytter ein trykkfeltet opp 10 meter i ei køyring, flytter ein det ned 10 meter i ei anna. I ein troposfære på 10 km høyrest kanskje ei endring på berre 10 meter lite ut, men dette kan få store konsekvensar for utfallet.

Når alle køyringane er ferdig vert dei handsama på mange forskjellige måtar. Ofte vert køyringane samla i såkalla «cluster» (grupper) der køyringar med liknande løysingar vert samla i same cluster. Om ein har mange cluster kan det tyde på at varselet er særs usikkert med mange forskjellige mogelege utfall. Ein kan lage såkalla spaghettiplott, som t.d. kan vise temperaturen på ein spesifikk stad der temperaturgrafen frå kvar enkel køyring er lagt oppå kvarandre. Ein annan måte er kart som syner sannsynet for at ein parameter (som regel temperatur, nedbør eller vind) går over ein viss terskel, t.d. kor mange av modellkøyringane som har temperatur over eit visst nivå i eit område. Ein tredje metode er epsigram, som er ei grafisk framstilling av alle varsla av ei rekkje parametrar for ein spesifikk stad.

Sjølv om ein har mange forskjellige modellkøyringar er det langt frå sikkert at dei har fanga opp heile utfallsrommet, så det er framleis mogeleg å få andre vêrsituasjonar enn dei ensemblet til ei kvar tid varslar, men desse vert rekna som usannsynlege, i alle fall innanfor dei sju-ti første dagane.

Månads- og sesongvarsling[endre | endre wikiteksten]

For å lage vêrvarsel som går ein månad eller lenger fram i tid vert som regel ensemblevarslingsmetoden nytta.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]