Vêr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om vêret. For hanndyret vêr, sjå sau.
Regnbyge i Danmark. (Foto: Malene Thyssen)

Vêr er eit system av krefter og krinslaup som opptrer naturleg i atmosfæren til ein planet. Vêr har ein tidsskala på opp til eit par dagar, medan snittet av veret over ein lang periode blir kalla klima. Vitskapen om vêret vert kalla meteorologi, og personar som arbeider med vêret meteorologar.

Så godt som alt vêret på jorda opptrer i den lågaste delen av atmosfæren kalla troposfæren, og dei vêrfenomena me oftast opplever er sky, vind, torevêr, regn, sludd, hagl og snø. Det oppstår òg enkelte vêrfenomen i stratosfæren som har effekt på vêret i troposfæren, men ein veit lite om korleis desse fungerer. Andre planetar har òg atmosfære, men jorda sin atmosfære er spesiell fordi den inneheld vassdamp, og fordi temperaturen i atmosfæren varierer på ein slik måte at vatn kan eksistere i både fast form, flytande form og i gassform.

Kjelda til vêret[endre | endre wikiteksten]

Vêret kan endre seg mykje frå dag til dag, og blir registrert av meteorologar som målingar av lufttrykk, temperatur, fukt, skydekke, vind og nedbør. Kjelda til at desse faktorane endrar seg er sola. Det at jorda er kuleforma og har forskjellig fordeling av landmassar og hav, fører til at jorda blir varma opp svært ujamt. Ekvatorområda får mykje meir solinnstråling enn polområda, fordi sola står høgare på himmelen over ekvator. Atmosfæren er slik at den heile tida prøver å komme i likevekt, og det vil sei at atmosfæren prøver å jamne ut temperaturskilnaden som oppstår på grunn av den ujamne solinnstrålinga ved å føre varm luft mot polane og kald luft mot ekvator. Den intense oppvarminga nær ekvator får denne lufta til å stige. Lufta stig heilt til den når toppen av troposfæren. Luftalaga over troposfæren (i stratosfæren) er svært stabil og hindrar vidare oppstiging. Den stigande lufta byrjar å bre seg ut horisontalt i retning polane, men temperaturen i denne høgda er derimot svært kald, og lufta blir gradvis avkjølt. Den avkjølte lufta byrjar å søkke igjen når den har nådd 25-35° nord eller sør. Dette storskala straummønsteret på kvar side av ekvator vert kalla hadleyceller. Fleire slike atmosfæriske celler er med på å føre energi frå ekvator mot polane og på den måten utjamne temperaturskilnadane. På grunn av jordrotasjonen og corioliskrafta den medfører blir desse storskala luftstraumane bøygd av i tillegg til at dei blir bremsa ved friksjon mot overflata. Dette fører til komplekse straumningsmønster og virvlar vi kjenner igjen som høgtrykk og lågtrykk, som igjen fører til vêrforandringar på bakken.

Fordi jordaksen heller, vil solinnstrålinga variere på forskjellige tider av året. I juni heller den nordlege halvkula mot sola, og får derfor meir solstråling enn i desember då nordlege halvkule vender vekk frå sola (sjå Jordhellinga sin effekt på klima). Denne effekten skapar årstider. Presesjon i ein planetbane rundt sola vil påverke kor mykje solenergi planeten vil motta på eit tidspunkt i løpet av året og påverke klimaet på planeten (sjå Milankovitch syklus).

Å forutsjå vêret[endre | endre wikiteksten]

Å kunne forutsjå vêret har alltid vore viktig for alle menneske, men særleg dersom det har påverka levemåten deira, til dømes innan landbruk og fiske. Ein har derfor alltid prøvd å forutsjå vêret, mellom anna ved hjelp av teikn frå naturen og vêret på særskilde dagar, sjå primstaven.

Ved hjelp av meteorologiske målingar og utrekningar kan ein få nøyaktig føresegner om korleis vêret kjem til å bli dei neste dagane. Samstundes er vêret av natur eit tilsynelatande kaotisk system. Kaosteorien går ut på at det er uendeleg mange faktorar som kan påverke vêret. Den minste endring i rørsla på eit luftmolekyl kan få store konsekvensar ein annan stad i troposfæren, kjend som sommarfugleffekten. På grunn av dette kan det kanskje aldri verte mogeleg å gje eit perfekt vêrvarsel, men det er likevel rom for store betringar. I dag er det vanskeleg å varsla vêret meir enn 5-7 dagar fram i tid. Avhengig av sjølve vêrsituasjonen kan den sikre varslingsperioden vere både kortare og lengre, somme stunder så langt fram som 10-14 dagar. Dette er likevel langt betre enn for berre 25 år sidan då eit varsel som regel var usikkert etter 3-4 dagar.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klima er i praksis gjennomsnittsvêret i eit område på jorda. Meteorologiske variablar som gjennomsnittleg nedbør i løpet av ein månad og daglege maksimums- og minimumstemperaturar over ein tidsperiode er nokre av variablane som fortel kva klima ein kan forvente i eit område. I tillegg består klima òg i kor ofte ein kan forvente visse vêrsituasjonar og ekstremverdiar (t.d. største målte nedbørsmengde). For å få eit klimatisk bilete over eit område treng ein som oftast målingar i ein periode på minst 30 år. Jo lengre måleperiodar ein har, jo betre oversikt over klimaet vil ein få. Parameterar ein måler er blant anna temperatur, nedbør, fukt, soltimar, skydekke, vindstyrke, maksimale vindkast og solstråling.

På same måte som vêret endrar seg frå dag til dag, endrar òg klimaet seg, men over mykje lengre tidsrom. Historiske nedskrivingar kan gi ein peikepinn på korleis klimaet har endra seg enkelte stader, men ein har òg andre metodar som gjer at ein kan seie noko om det generelle klimaet på jorda langt tilbake i tid. Tolkingar av årringar, korallar og prøvar frå permanente isbrear viser at klimaet har forandra seg og det finst mange teoriar som prøver å forklare desse endringane.

Forsking på klimaet dei siste 20-30 åra har òg vist at menneske har ein tydeleg innverknad på klimaet, særleg ved å sleppe ut gassar som påverkar dei atmosfæriske forholda. Det vert i dag forska mykje på korleis klimaet kjem til å endre seg dei neste hundre åra, og forskarane er langt frå einige om kva endringane blir og kor mykje av endringane som eventuelt er menneskeskapte og kor mykje som er naturlege klimaendringar. Ein er i dag likevel stort sett einige om at den globale temperaturen (gjennomsnittstemperaturen for heile jorda) aukar, og vil kome til å auke i lang tid framover, og at mennesket har ein stor del av skulda for dette.

Vêret og havet[endre | endre wikiteksten]

Havet kan lagre enorme mengder varme, og blir varma opp og avkjølt mykje seinare enn landområde. Dette fører til at havstraumar kan transportere varme over store avstandar. Straumane endrar temperaturen i havoverflata og kan vere svært viktig for klima i kystområde. Golfstraumen transporterer varmt vatn frå Mexicogolfen og nordover i Atlanterhavet til havområda utanfor kysten vår. Dette fører til at Noreg, og dei andre landa i Nordvest-Europa, er mykje mildare enn andre område som ligg på same breiddegrad.

Sidan havet held på varmen mykje lenger enn kontinenta, vil skilnaden mellom havtemperaturen og landtemperaturen vere størst eit stykke ut på hausten og eit stykke ut på våren. Når varm og fuktig luft strøymer inn over land med lågare temperatur om hausten, kan det oppstå kondensasjon og tåke. Tilsvarande vil kaldt hav om våren fører til at kystområda ofte er mykje kjøligare enn områda i indre strøk, og i tillegg kan det lett oppstå tåke visst det strøymer varm luft over havoverflata.

Havstraumar kan og påverke regnmønster, sidan havstraumane fører til varm og fuktig luft som kan gje meir nedbør. Temperaturvariasjonar som oppstår i havstraumar nær Peru kan til dømes påverke nedbøren så langt unna som i Australia gjennom fenomenet kjend som El Niño. Når kald luft strøymer ut over varmt hav oppstår det ustabiltet som kan skape frontsystem og lågtrykk.

Vasskrinslaupet[endre | endre wikiteksten]

Vasskrinslaupet

Fukt blir heile tida utveksla mellom hav, land, luft, planter og skyer, og desse prosessane er drivkrafta bak mykje av vêret. Desse prosessane blir kalla det hydrologiske krinslaupet eller vasskrinslaupet. Om lag 90 % av fukta i lufta kjem frå havet. Vatn fordampar frå havet, innsjøar og elver når vassflata blir oppvarma, og stigande luftrørsler tar vassdampen opp i atmosfæren. I tillegg vil planter òg føre fukt ut i atmosfæren gjennom ein prosess kalla evapotranspirasjon. Vassdampen i lufta kondenserer til skyer og skapar regn. Regnet kan falle tilbake til havet, eller over land der noko av det blir absorbert av planter og jord, medan resten renn ut i elver eller søkk ned i grunnvatnet, og ført tilbake til havet. Så startar krinslaupet om att. Menneskeleg verksemd kan påverke krinslaupet ved avskoging og bygging av demningar og vassmagasin, som påverkar nedbørsfordelinga, lagring av fukt og mengda av vatn som fordampar.

Utanomjordiske faktorar[endre | endre wikiteksten]

Nordlys
Den store raude flekken på Jupiter

Sola påverkar vêret på jorda på fleire måtar enn berre ved solinnstråling. Sola sin korona strøymer heile tida utover i solsystemet og denne straumen av partiklar frå sola blir kalla solvinden. Endringar i solvinden kan påverke atmosfæren, og i visse tilfelle overflata. Jorda sitt magnetfelt fører desse partiklane inn mot polområda der partiklane påverkar den øvre atmosfæren i det vi kjenner som nordlys og sørlys. Dei elektrisk ladde partiklane i solvinden kan òg øydelegge system som er sensitive for elektrisitet.

Utanomjordisk vêr[endre | endre wikiteksten]

Vêrfenomen som oppstår på andre planetar, er ikkje så ulike dei som oppstår på jorda, men oppstår ofte i mykje større skala eller av andre stoff og substansar enn dei vi har i jordatmosfæren. Cassini-Huygens oppdraget til Saturnmånen Titan viste t.d. at skyer og regn blir danna av metan og andre organiske komponentar.

Vêrsystem på andre planetar kan vere ekstremt stabile, og ein av dei mest kjende i solsystemet er den raude flekken på Jupiter. Dette er ein svær antisyklonsk storm som har eksistert i minst 300 år. Andre gasskjemper, som manglar overflate, kan ha ekstreme vindar. På Neptun har ein målt vindkast opp til 400 m/s (1440 km/t). Dette har fått forskarar til å undre seg. Sidan vêret i hovudsak oppstår som følgje av ulik solinnstråling, skulle energimengda som Neptun får, vere svært liten i forhold til den jorda mottar. Likevel er styrken og storleiken av vêrfenomena på Neptun mykje større enn på jorda.

Jorda sitt vêrmønster baserer seg på om lag 6 soner frå pol til pol. Jupiter har om lag 12 slike soner, medan Venus ikkje har nokon. Det kan vere nyttig å studere vêret på andre planetar for å betre forstår korleis vêret på jorda verkar.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vêr