Episykel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit sett med episyklar. Kvar blå sirkel kryssar kvar raude sirke i ein rett vinkel og omvendt.

Ein episykel er eit geometrisk hjelpemiddel som vart oppfunne av Apollonius kring 200 fvt., for å framstille samansette periodiske rørsler. Instrumentet vart nytta av Ptolemaios og seinare i antikken og mellomalderen fram til Kepler si tid for å framstille geometrisk variasjonane i rørsla til månen og planetane.

Etter Ptolemaios sin planetteori (verdsssystem) flyttar planeten seg med jamn fart langs ein sirkel, episykelen, som har sentrum som flyttar seg om jorda med jamn fart langs ein annan sirkel, deferenten. Ved å variere diameter og omlaupstid kunne ein framstille dei sløyfeforma banane til planetane.

For å gjere reie for nokre av uregelmessigheitene i rørsla fann Ptolemaios det naudsynt å tru at både episykel og deferent var eksentriske sirklar. Seinare, då kjennskapen til planetrørslene vart meir nøyaktige, føydde arabarane episykel på episykel inntil systemet vart særs komplisert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Episykel