Erasure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erasure
Erasure - 1992.jpg
Erasure i 1989
OpphavLondon i England
AktivSidan 1985
Sjanger
Plateselskap
PrisarBrit Awards

Erasure er ein engelsk synth-pop-duo skipa i London i 1985,[1][2][3] som består av songaren og låtskrivaren Andy Bell og låtskrivaren, produsenten og klaverspelaren Vince Clarke, tidlegare kjend som opphavleg medlem av bandet Depeche Mode og medlem av elektropopduoen Yazoo. Frå den fjerde singelen deira, «Sometimes» (1986), etablerte Erasure seg sjølv på UK Singles Chart, og vart ei av dei mest suksessrike artistane frå midten av 1980-åra til midten av 1990-åra. Frå 1986 til 2007 hadde paret 24 topp 40-singlar i Storbritannia på rad, 17 av dei inne på topp 10. Erasure vann ein Brit Award for beste britiske gruppe.[4] I tillegg til den kommersielle suksessen har Erasure vore popuære i LHBT-miljøet, der den opent homofile songaren Andy Bell har vore eit ikon i Storbritannia.[5]

Debutalbumet deira, Wonderland (1986) gjorde det ikkje så godt, men det andre albumet The Circus (1987) nådde sjetteplassen på den britiske albumlista med fire singlar som nådde topp 20. Det tredje albumet deira, The Innocents (1988), gjekk til topps på albumlista og vart følgd same året av jule-EP-en Crackers International (1988) som nådde andreplassen. Fleire listetoppar følgde på UK Albums Chart: albuma Wild! (1989) og Chorus (1991), ABBA-hyllest-EP-en Abba-esque (1992), samlealbumet Pop! The First 20 Hits (1992), og så I Say I Say I Say (1994). Dei mest kjende songane til Erasure er hovudsakleg frå albuma i denne perioden og inkluderer «Oh L'amour», «The Circus», «Sometimes», «Victim of Love», «Ship of Fools», «Chains of Love», «A Little Respect», «Stop!», «Drama!», «Blue Savannah», «Star», «Chorus», «Love to Hate You», «Breath of Life», «Always» og «Run to the Sun».

Sidan 1995 har ikkje Erasure hatt like store suksess, trass i at Erasure (1995) fekk god kritikk. Dei neste albuma fekk middelskritikk og Cowboy (1997), stadfesta at populariteten til Erasure var dalande fram til albumet Loveboat (2000), som nesten ingen la merke til. I midten av 2000-åra klarte duoen å få til eit comeback i Europa og i USA, hovudsakleg med coveralbumet Other People's Songs (2003), etterfølgd av albumet Nightbird (2005) som vann fansen attende. Dette gav bandet to kommersielt suksessrike singlar: «Solsbury Hill» (2003) (ein Peter Gabriel-song) og «Breathe» (2005). Seint i 2000-åra dalte populariteten til Erasure igjen med det akustiske albumet Union Street (2006) etterfølgd av Light at the End of the World (2007). I 2010-åra nådde albuma deira så vidt lista, med Tomorrow's World (2011), julealbumet Snow Globe (2013), The Violet Flame (2014), World Be Gone (2017) og til slutt The Neon (2020). Trass i at singlane frå dette tiåret ikkje nådde lista, men ein solid internasjonal fanbase har gjort at Erasure har kunne halde fram å turnere.

Totalt sett har Erasure skrive over 200 songar og selt nærare 30 millionar album verda over.[6]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Erasure». Bmg.com. 30. oktober 2015. Henta 29. april 2022. 
  2. «Electropop Erasure revisits new wave in new album». Bostonherald.com. 23. august 2020. Henta 29. april 2022. 
  3. «The 15 Best Electropop Albums of 2020, PopMatters, Page 3». Popmatters.co. Henta 29. april 2022. 
  4. «Erasure Brits Profile on the official Brit Awards website». Brits.co.uk. 2013. Arkivert frå originalen 3. juni 2014. Henta 29. april 2022. 
  5. «Erasure gay icon Andy Bell talks with O&AN». Outandaboutnewspaper.com. 1. april 2006. Arkivert frå originalen 5. juni 2009. Henta 16. april 2012. 
  6. «ERASURE New Single «Elevation» remiksa av BT». Remixmag.com. 25. august 2014. Henta 29. april 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Erasure