Peter Gabriel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peter Gabriel
Peter Gabriel Allan Warren.jpg
Peter Gabriel på 10-årsjubileumsfesten for Wikipedia i London i januar 2011.
Verkeleg namn Peter Brian Gabriel
Fødd 13. februar 1950 (67 år)
Chobham i Surrey i England
Instrument Vokal, klaverinstrument, fløyte, trommer, piano, gitar, bass, munnspel, obo
Sjanger Progressiv rock, kunstrock, eksperimentell rock, poprock, verdsmusikk
Aktive år 1967 til i dag
Yrke Musikar
Produsent
Menneskeven
Tilknytte artistar Genesis
Plateselskap Geffen (US & Canada), Real World, Virgin, Charisma, Atlantic (US & Canada), EMI (Brazil)
Nettstad www.petergabriel.com

Peter Brian Gabriel (fødd 13. februar 1950) er ein engelsk songar, musikar og låtskrivar som vart kjend som vokalist og fløytist i progrockbandet Genesis.[1] Etter at han slutta i Genesis, starta Gabriel ein suksessrik solokarriere. Albumet hans So frå 1986 er hans bestseljande og den største hitten på albumet, «Sledgehammer», vann ni MTV Awards1987 MTV Video Music Awards og er den mest spelte musikkvideoen i historia til kanalen.[2]

I nyare tid har Gabriel fokusert på å produsere og fremje verdsmusikk og har vore ein pioner innan digitale distribusjonsmetodar for musikk. Han har òg vore involvert i mange humanitære prosjekt. Gabriel har vunne mange musikkprisar gjennom karrieren sin, mellom anna tre Brit Awards, inkludert beste mannlege artist i 1987, seks Grammy Awards, tretten MTV Video Music Awards, og i 2007 vart han æra med eit BMI-ikon på den 57. årlege BMI London Awards for hans «inspirasjon for generasjonar av musikarar».[3][4][5] Gabriel fekk òg Polar Music Prize i 2009, og vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av Genesis i 2010.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Peter Gabriel vart fødd i Chobham i Surrey i England.[6] Faren hans, Ralph Parton Gabriel, var elektrikar og mora Edith Irene Allen,[7] kom frå ein musikalsk familie og lærte han å spele piano i tidleg alder. Han gjekk på Cable House, ein privatskule i Woking i Surrey, St. Andrews Prep School i Horsell, så Charterhouse School (Godalming) frå 1963. Han spelte trommer i det første rockebandet sitt, og Mike Rutherford sa i 1985 at «Pete var - og framleis er, trur eg - ein frustrert trommeslagar».[8]

Genesis[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Genesis.

Gabriel starta Genesis i 1967 med skulevenene frå Charterhouse School Tony Banks, Anthony Phillips, Mike Rutherford og trommeslagar Chris Stewart. Namnet på bandet vart føreslått av Jonathan King, som produserte det første albumet deira, From Genesis to Revelation.

Gabriel var påverka av mange kjelder i måte han song på, som Family-songar Roger Chapman. I 1970 spelte han fløyte på Cat Stevens-albumet Mona Bone Jakon.

Genesis vart kjend i England og etterkvart òg i Italia, Belgia, Tyskland og andre europeiske land, hovudsakleg på grunn av dei prangande kostyma Gabriel brukte på scenen. Han nytta mange bisarre kostyme og fortalte komiske, draumeaktige soger som introduksjon til kvar song (noko han opphavleg starta med slik at resten av bandet fekk tid til å stemme instrumenta sine mellom songane). Det vart nytta mykje ultafiolett lys i staden for normale lys med kvite laken bak på scenen, slik at ein berre såg silhuettane av bandmedlemmane med Gabriel sine sjølvlysande kostyme og sminke.

Gabriel som «Britannia», eller «The Moonlit Knight» 1974

Gabriel slutta i Genesis i 1975, noko som sjokkerte fansen og mange lurte på om bandet kunne halde fram. Det hadde byrja å bygge seg opp spaningar mellom medlemmane under innspelinga og turneen for The Lamb Lies Down on Broadway, eit konseptalbum med konsept av Gabriel. Sjølv om spaninga var stor internt i bandet på denne tida har både Gabriel og dei gjenverande medlemmane i bandet sagt at dei var alle gode vener då Gabriel slutta. Ei av årsakene til at han slutta var at kona hadde vanskar under svangerskapet med det første barnet til Gabriel, Anna-Marie, som vart fødd med sjukdomar. Gabriel valte derfor å heller vere med kona og den sjuke dottera enn å dra på turné.

Solokarriere[endre | endre wikiteksten]

Den første singelen til Gabriel som soloartist «Solsbury Hill», vart skriven om tida då han slutta i Genesis. Songen gjekk inn på singellista i USA i 1978[9], men vart spelt inn i 1976 og kom ut på debutalbumet hans som soloartist i 1977.

Gabriel gav ikkje titlar til dei fire første soloalbuma, som alle vart heitande Peter Gabriel, berre plateomslag (av Hipgnosis) skil dei. Dei vert vanlegvis anten kalla I, II, III og IV eller det vert referert til plateomslaget som Car, Scratch and Melt og Security. Sistnemnde fekk namnet Security i USA då Geffen Records kravde dette.

Dei tre neste albuma til Gabriel fekk titlar med berre to bokstavar: So, Us og Up.

Peter Gabriel-albuma (1977–1985)[endre | endre wikiteksten]

Gabriel på scenen i august 1978

Gabriel spelte inn debutalbumet sitt i 1976 og 1977 med produsent Bob Ezrin. Den første suksessen hans som soloartist kom med singelen «Solsbury Hill», eit sjølvbiografisk stykke som handlar om tida då han slutta i Genesis. Gabriel arbeidde med gitarist Robert Fripp som produsent på den andre plata, i 1978. Dette albumet vart enklare, mørkare og meir eksperimentel, og gav Gabriel god kritikk, men ingen hittar.

Gabriel utvikla ei ny interesse i verdsmusikk (særleg perkusjon), samt nye innspelingsteknikkar og lydeffektar. Interessa for musikkteknologi kom til syne på tredjealbumet. Dette var det første albumet der det vart nytta den no kjende «portstyrte trommelyden».[10] Phil Collins spelte trommer på fleire songar, som opningssongen «Intruder», der denne trommeeffekten vart nytta. Det vart ikkje nytta cymbalar ein einaste stad på albumet og det same gjorde Collins med singelen sin «In the Air Tonight» og mykje utover i 1980-åra. Albumet gjorde det bra med songar som «Games Without Frontiers» (#4 U.K, #48 U.S.) og «Biko».

Vanskelege innspelingar heime hos Gabriel i 1981 og 1982 enda med det fjerde albumet, der Gabriel produserte det meste sjølv. Det var eit av dei første kommersielle albuma som vart laga utelukkande på digitale lydband (ved hjelp av ein Sony-lastebil), og med ein tidleg, ekstremt kostbar Fairlight CMI, ein samplingsdatamaskin, som alt hadde vorte nytta noko på det førre albumet. Gabriel nytta sampla og dekonstruerte lydar med etniske perkusjonsinstrument og skapte eit radikalt nytt lydbilete. Trass i dei rare lydane, det rare omslaget og ofte forstyrrande tema, selde albumet bra. Det vart det første albumet hans som gav han hitsinglar på Topp 40 i USA med «Shock the Monkey», i tillegg til songen «I Have the Touch». Musikkvideoen for «Shock the Monkey», med Gabriel i kvitmåla andlet og ein makak (ape) i bur, låg på førsteplassen på «MTV» i ni veker. Geffen Records tvinga Gabriel til å gje det fjerde albumet hans namn i USA, Security, for å kunne skilje dei frå dei tre førre albuma.

Alternative versjonar av det tredje og fjerde albumet hans vart òg gjeve ut med tyske tekstar. Peter Gabriel 3 bestod av dei same innspelingane med ny vokal, medan Security vart miksa på nytt og fleire av songane var endre noko i forhold til originalane.

Gabriel turnerte lenge etter kvart av albuma sine. Han nytta i starten ingen teatralske effektar, men for den andre turneen hans så barberte heile bandet seg på hovudet. På Security hadde han igjen starta å nytte teatralske effektar, der han vart heist opp i lufta, nytta lenser og speglar til å forvri andletet sitt og han brukte uvanleg sminke. Opptak frå turneen hans i 1982 vart gjeve ut som det doble konsertalbumet Plays Live. På somme av konsertane hans sommaren 1983 i USA og Canada varma han opp for David Bowie.

I 1984 deltok han med musikk til Alan Parker-filmen Birdy.

So, Passion og Us (1986–1994)[endre | endre wikiteksten]

Gabriel nådde høgdepunktet i karrieren kommersielt sett med albumet So i 1986.[11] Albumet gjekk til topps i Storbritannia og Noreg og til andreplassen i USA.[12][13] Det selde til trippel platinaplate i Storbritannai og 5x platina i USA.[14][15] Det var tre store hittar på albumet med «Sledgehammer», «Big Time» og «Don't Give Up» — sistnemnde ein duett med Kate Bush.[12] «Sledgehammer» gjekk til topps i USA og slo Genesis sin «Invisible Touch» ned frå førsteplassen.[13] So vart produsert i lag med Daniel Lanois, som då var kjend for arbeidet sitt med U2 og Brian Eno.[16] I 1990 rangerte Rolling Stone So på 14. plass på lista si over dei 100 beste albuma i 1980-åra.[17]

Musikkvideoen til «Sledgehammer» er vorte hylla og var eit samarbeid mellom regissør Stephen R. Johnson, Aardman Animations og Brothers Quay.[2] Videoen sette ein ny standard for kunst i musikkvideoindustrien og vann ni MTV Video Music Awards i 1987, ein rekord som framleis står i 2012.[2] «Sledgehammer» er den mest spelte musikkvideoen i historia til MTV og vart i 1998 kåra til den beste animerte videoen gjennom tidene.[2][18] Oppfølgjarvideoen for songen «Big Time» var òg banebrytande innan musikkvideoanimasjon og spesialeffektar. Albumet gav Gabriel to Brit Awards i 1987 for beste mannlege artist og beste britiske musikkvideo for «Sledgehammer».[4]

I 1989 gav Gabriel ut Passion, filmmusikken til Martin Scorsese-filmen The Last Temptation of Christ. For dette verket vann han sin første Grammy Award, i kategorien beste New Age, og han vart nominert til ein Golden Globe for beste filmmusikk.

I 1992 kom albumet Us (òg samprodusert i lag med Daniel Lanois), eit album der han utforskar dei personlege problema sine som det mislukka ekteskapet sitt og den veksande avstanden mellom han og den første dottera. Albumet nådde andreplassen i både USA og Storbritannia og hadde dei to hitsinglane «Digging in the Dirt» og «Steam», som kunne minna om «Sledgehammer». Gabriel la ut på ein verdsturné etter albumet. Opptak frå konsertane vart gjevne ut som Secret World Live i 1994. Gabriel van tre Grammy Awards for albumet, mellom anna for beste musikkvideo.

OVO, Up, Scratch My Back og New Blood (1995 til i dag)[endre | endre wikiteksten]

Etter fem år utan noko ny musikk, kom Gabriel med OVO, musikk for Millennium Dome Show i London i 2000, og Long Walk Home, musikk til den australske filmen Rabbit-Proof Fence, tidleg i 2002. For sistnemnde vart han nominert til ein Golden Globe for beste filmmusikk.

I september 2002 gav Gabriel ut albumet Up, det første studioalbumet hans på ti år. Albumet selde godt, men gav ingen suksessrike singlar. Gabriel la ut på ny verdsturné, mellom anna med dottera Melanie Gabriel på korvokal. To konsert DVDar, Growing Up Live (2003) og Still Growing Up: Live & Unwrapped (2004) vart gjevne ut frå turneen.

Under opningsseremonien til vinter-OL 2006 i Torino i Italia, framførte Gabriel John Lennon sin «Imagine».

I 2008 medverka Gabriel med musikk til filmen WALL-E, mellom anna songen «Down to Earth», som han fekk Grammy Award for innan beste song skriven form film, fjernsyn og anna visuelle medium. Songen vart òg nominer til Golden Globe for beste originale song i film og Oscarprisen for beste originale song.

Gabriel opptrer i 2012.

I 2010 gav Gabriel ut Scratch My Back. Albumet består berre av andre sine songar skrivne av David Bowie, Lou Reed, Arcade Fire, Radiohead, Regina Spektor, Neil Young, og fleire. Konseptet for plata var at Gabriel spelte inn songar frå forskjellige artistar mot at desse sidan skulle spele inn Gabriel sine songar for eit album kalla I'll Scratch Yours. Scratch My Back nyttar berre orkester, utan gitarar, trommer eller elektroniske element, som er vanlege på Gabriel sine album. Ein kort turné følgde albumet med fullt orkester og dottera Melanie Gabriel og norske Ane Brun som korvokalistar.

11. oktober 2011 gav Gabriel ut New Blood, ei samling av hans tidlegare songar spelt inn med eit orkester. Hausten 2012 la Gabriel ut på Back To Front-turneen der han spelte heile albumet So for å feire 25-årsjubileumet.[19]

Musikarar og samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Gabriel har som regel halde seg til dei same musikarane på platene sine. Bassisten Tony Levin har til dømes spelt på alle studioalbuma til Gabriel (utanom Scratch My Back og noko filmmusikk), og på alle turneane hans. Gitaristen David Rhodes har spelt gitar med Gabriel sidan 1979. Før So var det Jerry Marotta som spelte trommer for Gabriel, medan Manu Katché spelte på So og Us, før Ged Lynch tok over på Up. Gabriel har òg samarbeidd med mange produsentar som Ezrin, Fripp, Lillywhite og Lanois og musikarar som Natalie Merchant, Elizabeth Fraser, L. Shankar, Trent Reznor, Youssou N'Dour, Larry Fast, Nusrat Fateh Ali Khan, Sinéad O'Connor, Kate Bush, Ane Brun, Paula Cole, John Giblin, Peter Hammill, Papa Wemba, Manu Katché, Bayete, Phil Collins (som trommeslagar) og Stewart Copeland.

Gabriel har samarbeidd med songaren Kate Bush fleire gonger. Bush song korvokal på «Games Without Frontiers» og «No Self Control» i 1980, og song med Gabriel på «Don't Give Up», som var ein hit i 1986.

Han har òg samarbeidd med Laurie Anderson på to versjonar av hennar «Excellent Birds».

Gabriel song (i lag med Jim KerrSimple Minds) på «Everywhere I Go» av The Call' i 1986. På Toni Childs-albumet The Woman's Boat frå 1994 song Gabriel på songen «I Met a Man». I 1998 song Gabriel på songen «That'll Do» i filmen Babe: Pig in the City, og vart nominert til ein Oscar. Han song òg, på songen «The Book of Love» av The Magnetic Fields i Shall We Dance?.

Gabriel har òg samarbeidd med Robbie Robertson, Tom Robinson, Joni Mitchell, Afro Celt Sound System, BT, Deep Forest, Angelique Kidjo og Hot Chip.

WOMAD og andre prosjekt[endre | endre wikiteksten]

Gabriel har vore interessert i verdsmusikk i mange år. Han har vore drivkrafta bak World of Music, Arts and Dance (WOMAD). Han skapte Real World Studios og plateselskap for å skape og distribuere slik musikk av forskjellige artistar, og han har arbeidd for å gjere musikarar som Yungchen Lhamo, Nusrat Fateh Ali Khan og Youssou N'dour kjend i Vesten. Han har lenge vore interessert i menneskerettar og skapte gruppa Witness,[20] for å lære menneskrettsaktivistar til å bruke video og Internett til å avsløre menneskerettsbrot. I 2006 fekk han for dette arbeidet Man of Peace-prisen av Nobelkomiteen.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Peter Gabriel Biography PeterGabriel.com
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Peter Gabriel, 'Sledgehammer' (1986) - The 30 All-TIME Best Music Videos Time. Henta 20. september 2012
  3. «Peter Gabriel Receives Top Honor at BMI London Awards». bmi.com. http://www.bmi.com/news/entry/535578. Henta 20. september 2012. 
  4. 4,0 4,1 The BRITs 1987 Brits.co.uk. Henta 20. september 2012
  5. Past Winners: Peter Gabriel Grammy.com. Henta 20. september 2012
  6. Peter Gabriel Profile LyricsOnDemand.com
  7. Family detective: Peter Gabriel Telegraph.co.uk
  8. Neer, Dan (1985). Mike on Mike [interview LP], Atlantic Recording Corporation.
  9. Solsbury Hill by Peter Gabriel Songfacts.com
  10. Flans, Robyn (1 May 2005). «Classic Tracks: Phil Collins' «In the Air Tonight"». MixOnline.com. 
  11. So - Peter Gabriel (review) Allmusic. Henta 20. september 2012
  12. 12,0 12,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums. London: Guinness World Records Limited
  13. 13,0 13,1 Whitburn, Joel (2006). The Billboard Book of Top 40 Hits. Billboard Books
  14. «British album certifications – Peter Gabriel – So". British Phonographic Industry. Enter So in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  15. «American album certifications – Peter Gabriel – So". Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  16. So - Peter Gabriel (credits) Allmusic. Henta 21. november 2011
  17. The 100 Greatest Albums Of The 80s. Rolling Stone. Special Issue 1990. Henta 21. november 2011
  18. MTV. Top Ten Animated Videos Countdown. June 28, 1998
  19. «Peter Announces North American Tour 'Back To Front' To Celebrate 25th Anniversary of 'So'». petergabriel.com. http://petergabriel.com/media/article/2668/peter-announces-north-american-tour-back-to-front-to-celebrate-25th-anniversary-of-so/. Henta 2012-09-16. 
  20. «See it. Film it. Change it. Using video to open the eyes of the world to human rights violations». Witness. http://www.witness.org. Henta 21. september 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Peter Gabriel