Erice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gamlebyen i Erice

Erice ein by og ein kommune i provinsen Trapani i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har om lag 28 000 ibuarar og eit areal på 47 km². Byen ligg 751 meter over havet, på ein fjelltopp med likelydande namn. I dag bur einast vel 200 menneske i sjølve gamlebyen på toppen av fjellet. Til provinshovudstaden Trapani er det 15 km i sørvestleg retning.

Turisme, landbruk og handverk er viktigaste næringane i Erice.

Byen Erice har sitt historiske opphav i kartagisk tid og var frå førhistorisk tid ein plass vigd til gudinnene for årsvekst og grøde. Under antikken heitte byen Eryx. I mellomalderen fekk han namnet Monte San Giuliano, eit namn han hadde til 1934.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]