Erik Mjelde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erik Mjelde
Personleg informasjon
Fullt namn Erik Nevdal Mjelde
Fødd 6. mars 1984
Fødestad Bergen
Høgd 180 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Lillestrøm
Nummer 17
Ungdomsklubbar
Noreg IL FRI
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2001–2003
2004–2005
2006–2010
2010-2012
2013-
Noreg Brann
Noreg Løv-Ham
Noreg Sandefjord
Noreg Brann
Noreg Lillestrøm
6 (0)
24 (2)
88 (23)
83 (13)[1]
1 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 10. februar 2012

Erik Mjelde (fødd 6. mars 1984) er ein norsk fotballspelar frå Bergen. Han har spela for Lillestrøm, der han signerte i 2013. Han har tidlegare spelt for Sandefjord, Løv-Ham og Brann. Han er bror til Maren Mjelde.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Erik Mjelde var elev på fotballgymnaset til SK Brann, og han viste at han hadde kvalitetar som midtbanespelar. Han trente med A-laget til Brann, og den 30. juni 2002 fekk han debuten sin på Stadion, der Brann vann 4-1 over Molde FK. Mjelde fekk spele seks A-lagskampar for Brann, før han i midten av 2003-sesongen vart utlånt til Løv-Ham. Etter tre sesongar i Løv-Ham kjøpte Sandefjord Mjelde for 40 000 kroner.

Han vart særs populær i Sandefjord. I 2008 var han delt toppskårar for klubben i 1. divisjon, med ni seriemål. I 2009-sesongen var han kaptein og toppscorar for klubben og scora elleve mål på 29 kamper. Han var den mestscorande midtbanespelararen i tippeligaen den sesongen. Mjelde hadde lenge eit ønske å spele for Brann igjen. I januar 2010 var han ønskt av Brann og Tromsø. Den 22. januar vart Sandefjord og Brann samde om ein overgang for Mjelde. Han signerte ein 4-årsavtale og valde draktnummer 6.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk og internasjonal fotballstatistikk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]