Erik Pontoppidan den eldre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erik Pontoppidan den eldre

Erik Pontoppidan den eldre måla av Abraham Wuchters
Statsborgarskap Noreg, Danmark
Fødd 21. januar 1616
Sønder Broby Sogn
Død

12. juni 1678 (62 år)
Trondheim

Yrke lingvist, prest, lyrikar, teolog
Språk dansk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Erik Pontoppidan den eldre på Commons

Erik Eriksen Pontoppidan (fødd 21. januar 1616 i BrobyFyn, død 12. juni 1678 i Trondheim) var ein dansk biskop og forfattar. Han vert ofte kalla Erik Pontoppidan den eldre for å skilja han frå Erik Ludvigsen Pontoppidan (den yngre).

Pontoppidan vart prest i Kjøge 1665 og han vart utnemnd til biskop i Trondhjem 1673, eit embete han hadde til han døydde.

Blant bøkene han skreiv er Grammatica danica (1668), den første trykte danske grammatikken. Han kom allereie då med framlegg til dansk rettskrivning. Gjennom omsetjinga av Luthers vesle katekisme til samisk gjorde Pontoppidan det første forsøket på å bruke samisk som skriftspråk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]