Erika Mahringer
Erika Mahringer | |
![]() Erika Mahringer i Åre i 1954 | |
Fødd | 16. november 1924 Linz |
Død |
30. oktober 2018 (93 år) |
Yrke | alpinist |
Erika Mahringer på Commons |
Erika Mahringer (fødd 16. november 1924) er ein austerriksk tidlegare alpinist frå Linz. Ho vann to bronsemedaljar under Vinter-OL 1948 og to sølvmedaljar under alpint-VM 1950.
Mahringer tok bronsemedaljen under OL 1948 i St. Moritz, 0,8 sekundar bakom vinnaren, Gretchen Fraser frå USA. Dert gode slalåmrennet bringa henne heilt opp på tredjeplass i kombinasjonen, ei øving der landskvinna Trude Beiser vann gullmedaljen.
I 1950 var Mahringer på sitt beste under verdsmeisterskapen i Aspen i USA. Ho starta meisterskapen med ein fjerdeplass i storslalåm, og heldt fram med å vinne sølvmedaljen i slalåm, eitt fattig tidels sekund bakom verdsmeisteren, hennar landskvinne Dagmar Rom. I det avsluttande utforrennet tok ho ein ny sølvmedalje, og på ny bak ei landskvinne, den gongen bakom Trude Jochum-Beiser.
Under vinterleikane 1952 i Oslo kom Mahringer som best på fjerdeplass i utfor. To år seinare vart endå ein fjerdeplass hennar beste plassering i VM i alpine greiner 1954 i Åre. Etter sjuandeplass i slalåm, åttandeplass i slalåm og tolvteplass i utfor, enda ho på fjerdeplassen i kombinasjonen.
Mahringer starta ein skiskule i 1954, saman med ektemaken, og året etter opna dei den fyrste skibarnehagen i verda. Ho er mor til alpinistane Uli Spieß og Nicola Spieß, som begge har hevda seg på internasjonalt toppnivå.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Erika Mahringer» frå Wikipedia på tysk, den 21. november 2014.