Erlend Apneseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Erlend Apneseth (fødd 11. august 1990) er ein prisvinnande hardingfelespelar frå Jølster i Sogn og Fjordane, og av dei aller fremste unge folkemusikarane i landet i dag.  Han er elitespelemann frå 2012, og gav samme året ut plata Jølster 2012 saman med Sigmund Eikås, Synnøve S. Bjørset og Gro Marie Svidal. Plata vart nominert til Folkelarmprisen for beste soloplate.

Samtidig har han etablert seg med eit meir moderne uttrykk der han søker seg mot improvisert musikk og samtidsmusikk, stadig med utgangspunkt i klangane frå hardingfela og folkemusikken. Dette har mellom anna resultert i samarbeid med dansegruppa Carte Blanche og fleire ulike improvisasjonskonstellasjonar og folk/jazz-baserte grupper, med omfattande konsertverksemd i inn og utland. I 2012 blei Apneseth, som den sjette i rekka etter Valkyrien Allstars, Gjermund Larsen, Siri Nilsen, Frida Ånnevik og Moskus tildelt Grappa musikkforlag sin debutantpris. I juryuttalelsen vart det fremheva at Apneseth «er ein musikar med sterk personlighet og vilje til å trakke opp sin eigen sti.»

I 2013 debuterte han i A-klassen på Landskappleiken med å spele seg til finalen og mottok Fureprisen. Seinare samme året var mellom anna han solist med Bergens Filharmoniske orkester og “Månadens artist” på Riksscenen. Debutalbumet Blikkspor, produsert av Arve Henriksen, vart sleppt i oktober 2013 til strålande kritikkar.

I 2014 mottok han Øyvind Berghs minnepris og Sparebanken Vest sitt musikarstipend, og er involvert i ei rekkje samarbeidsprosjekt i tillegg til å være ein etterspurt soloutøvar.

Prisar og stipend[endre | endre wikiteksten]

  • Grappa musikkforlag sin debutantpris (2012)
  • Fureprisen (2013)
  • Øyvind Berghs minnepris (2014)
  • Sparebanken Vest sitt musikarstipend (2014)
  • Ingerid, Synnøve og Elias Fegerstens stiftelse for norske komponister og utøvende musikere (2014)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]