Erling Aas-Eng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erling Aas-Eng
Fødd 9. januar 1965
Parti Senterpartiet
Verv Ordførar i Tolga
 - periode 2007-20122
 - føregangar Marit Gilleberg
 - etterfylgjar Ragnhild Aashaug

Erling Aas-Eng (fødd 9. januar 1965) er ein norsk lokalpolitikar som representerer Senterpartiet. Han var ordførar i Tolga kommune i Hedmark fylke frå 2007 til 2011.

Aas-Eng har vore med i kommunestyret for Senterpartiet sidan 1995.[1] Han har også vore i sentralstyret i Senterungdommen, vore nestleiar i Hedmark Nei til EU og vore vararepresentant til fylkestinget.[1] I 2015 blei han vald til leiar i Hedmark Bondelag.[2] Han er også tillitsvald i Bondelaget.

Aas-Eng er sivilagronom frå Noregs landbrukshøgskuleÅs og driv mjølkeproduksjon på Telneset. Han er seniorrådgjevar i Rådhuset Vingelen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Jon Iver Grue (17. august 2010). «– Tar ikke gjenvalg». Østlendingen. Henta 11. oktober 2015. 
  2. Ståle Johan Berg (18. mars 2015). «Erling Aas-Eng ny leder i Hedmark Bondelag». Østlendingen. Henta 11. oktober 2015.