Erling Stordahls ærespris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Erling Stordahls ærespris er ein pris som vert gjeven til syns- eller rørslehemma personar som har utmerkt seg særleg innan idrett, kunst eller kultur. Utmerknadene kan vera på anten lokalt, nasjonalt eller internasjonalt nivå. Prisen vert utdelt under Ridderrennet.

Prisen vart oppretta i 1994, då regionen og næringslivet i Valdres oppretta eit fond med ein grunnkapital på 100.000 kroner, for å heidra Erling Stordahl for arbeidet han hadde lagt ned for Øystre Slidre kommune ved å stå i spissen for skipinga av Beitostølen Helsesportsenter og det årlege Ridderrennet. Rentene av dette fondet vert brukte til Erling Stordahls ærespris.

Juryen har bestått av ordførar i Øystre Slidre kommune, direktør på Beitostølen Helsesportssenter og formann i Ridderrennets Venner. Det er fem organ som kan nominera til prisen, m.a. Norges Blindeforbund.

Liste over mottakarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]