Mariann Vestbøstad Marthinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mariann Vestbøstad)
Hopp til navigering Hopp til søk
Mariann Vestbøstad Marthinsen

Mariann Marthinsen.JPG

Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. september 1984
Idrett paralympic swimming, langrenn
Yrke langrennsløpar, symjar, sosialarbeidar

Mariann Vestbøstad Marthinsen (fødd 9. september 1984) er ein norsk symjar og langrennsløpar frå Fitjar. Ho er mellom dei beste handikapsymjarane i verda. Ho tevlar for klubben Vestkantsvømmerne i Bergen, der ho også bur og er vernepleiarstudent. Då Vestbøstad var to år gamal, måtte ho amputera høgrefoten. Til vanleg brukar ho ei beinprotese. Hausten 2009 gifte ho seg og tok namnet til ektemannen, Marthinsen.

Mariann Vestbøstad har vunne drøye tretti NM-gullmedaljar og ei VM-gullmedalje og ein sylmedalje, og har sytten verdsrekordar i ulike øvingar. I Paralympics i Beijing 2008, tok ho bronsemedalje på 100 meter rygg. I 2004 deltok ho i Paralympics i Aten og i Beijing i 2008. Ho vart kåra til årets funksjonshemma utøvar i Noreg for 2005Idrettsgallaen i 2006.

Under Paralympics i Vancouver i 2010 var Vestbøstad norsk flaggberar. Her deltok ho i langrennspigging, og tok ein femteplass. I februar tok ho sin fyrste gullmedalje i langrenn, under sprint i Oberried i Tyskland. Under Ridderrennet i april same året vart ho tildelt Erling Stordahls ærespris for prestasjonane sine som handikappa idrettsutøvar.[1] I mai 2013 vart ho tildelt Egebergs Ærespris.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]