Erlitoukulturen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa av Erlitoukulturen.
Satellittbilde av dei ulike funnstadene.
Nedslagsfeltet til Erlitoukulturen - fylka Yanshi med den sentrale funnstaden er markert midt i området.

Erlitoukulturen (forenkla kinesisk 二里头文化, tradisjonell kinesisk 二里頭文化, pinyin Èrlǐtóu wénhuà) er ei arkeologisk nemning på ein tidleg bronsealderkultur som heldt til rundt Huangelva i Kina frå rundt 1900 til 1500 f.Kr.[1][2]) Ei radiokarbondatering utført i 2007 har ført til eit foreslege smalare tidsspenn, frå 1750 til 1530 f.Kr.[3]

Namn og utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem frå det arkeologiske feltet i storkommunen Erlitou i byfylket Yanshi i Henan-provinsen. Kulturen strekte seg godt utover i det som i dag er provinsane Henan og Shanxi, og gjorde seg seinare òg gjeldande i Shaanxi og Hubei. Det er mogleg at Erlitoukulturen utvikla seg frå Longshankulturen. Dei fleste kinesiske arkeologar reknar med at Erlitou er hovudsetet for Xia-dynastiet, men dei fleste vestlege arkeologar er ikkje overtydde om at det er ein slik samanheng mellom Erlitoukulturen og Xia-dynastiet, ettersom det ikkje finst direkte lenkjer mellom dei, som skriftlege kjelder.[4][5][6]

Kjenneteikn og leivningar[endre | endre wikiteksten]

Fortidsleivningane i Erlitou blei oppdaga av Xu Xusheng i 1959, og denne funnstaden er blitt verande det største utgravingsområdet som kan knytast til Erlitoukulturen. Funna er spreidde ut over eit område på 3 km². Det er funne palassbygningar og verkstader for tilverking av bronse. Erlitou monopoliserte produksjonen av bronsekar for rituell bruk, og dei eldste kjende ding-kara er frå denne kulturen.[7]

Etter at Shang-dynastiet voks fram gjekk det kraftig tilbake med Erlitou, men staden blei verande folkesett òg i den første fasen av Shang-tida.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allan 2007, s. 475.
  2. Liu & Xu 2007, s. 886.
  3. Zhang et al. 2014, s. 206.
  4. Allan 2007, s. 489–490.
  5. Liu 2004, s. 238.
  6. Liu & Xu 2007, s. 897–899.
  7. Liu 2004, s. 231.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]