County Kildare
County Kildare Contae Chill Dara | |
![]() | |
Statistikk | |
Provins: | Leinster |
---|---|
Hovudby: | Naas |
Bilnummer: | KE |
Areal: | 1 693 km² |
Folketal (2006): | 186 075 |
Folketettleik: | 110 /km² |
Nettside: www.kildare.ie |
County Kildare (irsk Contae Chill Dara) er eit grevskap i Republikken Irland søraust på Irland i provinsen Leinster. Namnet kjem frå irsk og tyder «kyrkje» (Cill) ved eikene (Dara)
County Kildare grensar til Meath i nord, Offaly og Laois i vest, Carlow i sør og Dublin og Wicklow i aust. Kildare eir ein del av storbyområdet til Dublin.
Store byar[endre | endre wikiteksten]
Byen Kildare er den eldste i grevskapet og den mest historierike. Naas (Nás na Rí på irsk, tyder «møtestaden til kongar») er hovudbyen.
Newbridge (Droichead Nua) er den største byen i Kildare og ligg sentralt i grevskapet, nær Curraghsletta. Han er ein raskt veksande by med over 20 000 innbyggjarar.
Maynooth (Maigh Nuad) er det historiske utdanningssenteret i grevskapet. Her ligg Nasjonaluniversitet i Irland, Maynooth og St Patrick's College i Maynooth. Kilcock (Cill Choca) er ein by 6 km nord for Maynooth.
Leixlip (Léim an Bhradáin) er eit industrisenter nord for Kildare med store fasilitetar for Intel og Hewlett-Packard, og den opphavlege heimbyen til Guinness, som har opphavet sitt i Leixlip Castle.
Celbridge (Cill Droichid) er den største byen på Irland med ei hovudgate og i nærleiken ligg Straffan med ein golfbane som var vertskap for Ryder Cup i 2006.
I Monasterevin (Mainistir Éimhín) ligg Moore kloster frå 500-talet, som vart grunnlagd av St. Evin.
Byar og landsabyar i Kildare[endre | endre wikiteksten]
Byar[endre | endre wikiteksten]
Maynooth (10 000 innb.) og Celbridge (20 000 innb.) har begge søkt om bystatus.
Store landsbyar[endre | endre wikiteksten]
- Allen, Allenwood, Ardclough
- Ballitore, Ballymore Eustace, Ballynadrumny
- Calverstown, Caragh, Carbury, Castledermot, Celbridge, Clane, Coill Dubh
- Eadestown
- Hawkfield
- Kilcock, Kilcullen, Kildare, Kildangan, Kill, Kilmead, Kilteel
- Lullymore
- Maynooth, Milltown, Monasterevin
- Narraghmore, Newbridge, Nurney
- Prosperous
- Rathangan
- Sallins, Straffan, Suncroft
- Two-Mile-House
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen County Kildare frå Engelsk Wikipedia .