Ernesto Canto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ernesto Canto
Statsborgarskap Mexico
Fødd 18. oktober 1959
Mexico by
Død

20. november 2020 (61 år)
Mexico by

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984

Ernesto Canto Gudiño (18. oktober 195920. november 2020) var ein meksikansk kappgjengar som vart verdsmeister på 20 kilometer i 1983 og olympisk meister i 1984.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Canto vann i 1981 20 km kappgang i IAAF-verdscupen. Ved verdsmeisterskapen i Helsinki i 1983 rykte han frå tetgruppa etter 15 km og sikra seg gullmedaljen med ein margin på 10 sekund til andremann. Kort tid etter sigra han også i panamerikaleikane i Caracas. Under dei olympiske leikane 1984 i Los Angeles tok han gullmedaljen på 20 km etter ein iherdig kamp mot landsmannen Raúl González (sølv) og italienske Maurizio Damilano (bronse). Sidan vart han diskvalifisert i VM i friidrett 1987 og i Sommar-OL 1988. Han steig av idretten etter å ha vort nummer 29 i Barcelona-OL 1992.

Canto døydde av kreft i bukspyttkjertelen og levra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]