Ernst Haeckel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ernst Haeckel

Statsborgarskap Det tyske keisardømet, Weimarrepublikken, Kongedømet Preussen
Fødd 16. februar 1834
Potsdam
Død

9. august 1919 (85 år)
Jena

Yrke biolog, lege, zoolog, filosof, naturvitar, økolog, ornitolog, universitetslærar, iktyolog, botanikar, oppdagar, fotograf, skribent
Språk tysk, latin
Medlem av Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina, Kungliga Vetenskapsakademien, Zoological Society of London, Accademia Nazionale dei Lincei, Det bayerske vitskapsakademiet, American Philosophical Society, Accademia delle Scienze di Torino, Det tyske monistforbund
Far Carl Haeckel
Ektefelle Anna Sethe, Agnes Huschke
Ernst Haeckel på Commons
Ernst Haeckel

Ernst Heinrich Philipp August Haeckel (16. februar 18349. august 1919) var ein tysk biolog og filosof som spreidde tankane til Charles Darwin i Tyskland, og vidareutvikla teorien hans om utviklinga av mennesket gjennom evolusjon.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Haeckel var fødd i Potsdam. Han utdanna seg til lege og blei sidan professor i samanliknande anatomi. Han var ein av dei første som såg på psykologien som ein del av fysiologien. Haeckel la fram ei rekke vitskaplege uttrykk som fortsatt er i bruk, til dømes «stamme» og «økologi». Han kalla òg mellom anna politikk for biologi i praksis, og slike utsegner brukte nazistane seinare som del av sin ideologi som grunnlag for rasisme og sosialdarwinisme.

Haeckel såg på mennesket som siste og beste skotet på utviklingstreet.

Ernst Haeckel døydde i Jena i 1919.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Haeckel var ein karismatisk person som var godt likt av folk flest, men kanskje ikkje så mykje av andre vitskapsmenn. Han var ein dyktig anatom med mange viktige idéar rundt utviklingslæra, men han produserte òg ein god del spekulativt materiale; m.a. brukte han mykje tid på å beskriva og namnsetje ei rekkje hypotetiske mikroorganismar som aldri har vorte funne i røynda.

Han var ein av dei første til å rekna psykologien som ein del av fysiologien. Han lanserte òg viktige omgrep som «fylum», «fylogeni» og «økologi»; konsept som stadig vert rekna som viktige i biologien. I 1866 grupperte han ei rekkje eincella organismar i riket Protista, ei kategorisering som vart ståande i godt over hundre år og framleis er i bruk. I dag vert protistane dog rekna som ei polyfyletisk gruppe.

Romanes' kopi av Haeckels berykta foster-teikningar, som skulle visa at ontogenien speglar fylogenien. Dette har vist seg å vera sant berre til ein viss grad.

Haeckel var ein sterk tilhengar av teorien om at ontogenien speglar fylogenien; det vil seie at evolusjonært slektskap visast i fosterutviklinga. Dette underbygde han med eit med tida særs vidgjete sett med teikningar som skulle visa kor liten skilnad det eigentleg var på dei ulike dyra si utvikling. Det har seinare vorte vist at skissene til Haeckel i dette tilfellet var forenkla og stundom til og med feilaktige, i og med at dei la vekt på likskapar og tona ned skilnadar. I dag veit me at fosterutvikling ikkje er lineær, men at det likevel er eit visst samsvar mellom utviklingshistorie og fosteranatomi.

Etter dagens målestokk var Haeckel ofte særs uvitskapleg. For å ta eit illustrerande døme, var det enno ikkje funne fossil av nokon menneskeleg stamfar på tida Darwin gav ut The Origin of Species i 1859]. Ernst Haeckel argumenterte då ivrig for at desse restane ville vera å finna i det noverande Indonesia, og beskreiv dei hypotetiske urmenneska i detalj. Denne skapnaden ingen hadde sett (og som i ettertid har vist seg å vera feil både geografisk og til dels anatomisk) kalla han Pithecanthropus alahus, og han gav studentane sine i oppdrag å finna han.

Kunstformen der Natur[endre | endre wikiteksten]

I blad 8 har ein Desmonea annasethe (no Cyanea annasethe) hovudrolla. Dette var ein særleg vakker manet Haeckel beskreiv sjølv, og gav namn etter den nyleg avdøde kona si Anna Sethe; tentaklane minte han om det lange og bølgjande håret hennar.

Gjennom karrieren sin lagde Haeckel over 1000 forskjellige plansjer over ymse dyre- og plantegrupper. I 1904 vart dei 100 beste av desse publisert under namnet Kunstformen der Natur - kunstformer i naturen. Olaf Breidbach, elev av Haeckel, meinte dette ikkje berre var ei bok med illustrasjonar, men òg ein representasjon av Haeckel sitt livssyn. Det gjennomgåande temaet i samlinga er symmetri og organisering.

Blad 49 inneheldt eit breitt spekter av sjøanemoner klassifisert under namnet Actiniae.

Av dyregruppene ein finn i verket finn ein først og fremst eit stor antal nesledyr, men òg m.a. ein del mikroorganismar og utvalde grupper virveldyr, leddyr og blautdyr. Fleire av plansjane vert framleis brukt som illustrasjonar.

Kunstformen der Nature vart eit bindeledd mellom vitskapen og kunsten, og fleirejugendstil-kunstnarar skal ha vorte inspirert av Haeckels arbeid.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Haecker blei tildelt Darwin-medaljen av britiske Royal Society i 1900 for sitt zoologiske arbeid «inspirert av darwinismens and».[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Engelsk «For his long-continued and highly important work in zoology all of which has been inspired by the spirit of Darwinism)». Royal Society