Kunstformen der Natur
Kunstformen der Natur (tysk for Kunstformer i Naturen) er ei bok med litografiar og andre halvtonebilete av den tyske biologen Ernst Haeckel.
Publikasjon
[endre | endre wikiteksten]Verket blei publisert i sett på ti mellom 1899 og 1904 og samla i to volum i 1904.[2] Verket er samansett av 100 plansjar som visar ulike organismar, og mange av desse blei fyrste gong skildra av Haeckel. I laupet av karrieren hans blei det laga meir enn 1000 graveringar basert på Hackel sine skisser og akvarellar; mange av desse blei vald til å vere med i Kunstformen der Natur, og omgjord frå skisser til plansjar av litografen Adolf Giltsch.[3]
Den andre utgåva av Kunstformen blei laga i 1924 og innehaldt berre 30 plansjar.
Tema
[endre | endre wikiteksten]Ifølgje Olaf Breidbach, som forska på Haeckel, var verket meir enn ei samling av illustrasjonar — det var ei oppsummering av Haeckel sitt syn på verda. Dei overordna temaa i plansjane visar symmetri og organisering. Emnene blei vald for å uttrykke organisering, frå skjellmønstra i koffertfiskane og spiralane i amonittane, til den perfekte symmetrien i stormaneter og mikroorganismar. Bileta i kvar av plansjane blei arrangert for å skape maksimale synsinntrykk.[4]
Blant dei kjende plansjane finn ein talrike radiolariar, som Haeckel populariserte blant amatørmikroskopistar; det finst minst eitt døme i kvart av setta på ti. Nesledyr er også framheva gjennom heile boka, medrekna sjøroser, kolonimaneter, skivemaneter og andre stormaneter. Det første settet innehaldt også Desmonema annasethe (no kalla Cyanea annasethe), ei spesielt slåande stormanet som Haeckel observerte og skildra kort tid etter dødsfallet til kona hans, Anna Sethe.[1]
Innverknad
[endre | endre wikiteksten]Kunstformen der Natur hadde stor innverknad på kunst, arkitektur og design tidleg på 1900-talet, og var med på å byggje ei bru mellom vitskap og kunst. Mange Art nouveau-kunstnarar blei inspirerte av arbeidet hans, mellom anna René Binet, Karl Blossfeldt, Hans Christiansen og Émile Gallé. Eit framståande døme er Beurs van Berlage, designa av Hendrik Petrus Berlage; det var delvis inspirert av illustrasjonar frå Kunstformen.[5]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]Dei originale klassifikasjonane var utheva med kursiv.
-
Sjørose (Actiniae)
-
Anthomedusa (Anthomedusae)
-
Antilope (Antilopina)
-
Edderkoppdyr (Arachnida)
-
Sjøpungar og sekkedyr (Ascidiae)
-
Halelause padder (Batrachia)
-
Skjelpadder (Chelonia)
-
Flimmerdyr (Ciliata)
-
Leddormar (Chaetopoda)
-
Flaggermus (Chiroptera)
-
Bartre (Coniferae)
-
Hoppekreps (Copepoda)
-
Kubemaneter (Cubomedusae)
-
Tifotkreps (Decapoda)
-
Bregnar (Filicinae)
-
Raudalgar (Florideae)
-
Lav (Lichenes)
-
Øgle (Lacertilia)
-
Bladmosar (Muscinae)
-
Kanneberar (Nepenthaceae)
-
Nakensniglar (Nudibranchia)
-
Trachylina (Narcomedusae)
-
Orkidear (Orchidae)
-
Koffertfiskar (Ostraciontes)
-
Prosobranchia (forelda klassifisering)
-
Polycystine radiolariar (Spumellaria)
-
Radiolariar (Stephoidea)
-
Nattsvermar (Tineida)
-
Kolibriar (Trochilidae)
-
Tubularia (Tubulariae)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kunstformen der Natur» frå Wikipedia på engelsk, den 20. februar 2015.
- ↑ 1,0 1,1 Innes, Shelley (2006). «From Here to Eternity: Ernst Haeckel and Scientific Faith, Religion, Theology, and Natural Science, Vol. 3 by Mario di Gregorio». Journal of the History of Biology 39 (1): 214–216.
- ↑ Juliana D. Kreinik; New York University. Institute of Fine Arts (2008). The Canvas and the Camera in Weimar Germany: A New Objectivity in Painting and Photography of the 1920s. ProQuest. s. 232. ISBN 978-0-549-58248-9.[daud lenkje]
- ↑ Breidbach, Visions of Nature, s. 253
- ↑ Breidbach, Visions of Nature, ss. 229-231
- ↑ Breidbach, Visions of Nature, ss. 231, 268-269
- Breidbach, Olaf. Visions of Nature: The Art and Science of Ernst Haeckel. Prestel Verlag: Munich, 2006.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Marine Biological Laboratory Library Arkivert 2012-06-08 ved Wayback Machine. - Ei utstilling med ulike verk av Haeckel, med skildringar om bakgrunnen til mange av plansjane i «Kunstformen der Natur».
- University Art Gallery, University of Massachusetts Dartmouth Arkivert 2010-10-22 ved Wayback Machine. - Ei utstilling frå 2005 som visar paringa av plansjar frå «Kunstformen der Natur» med ulike moderne skulpturar.
- Kurt Stüber's Biolib - Ein nettbasert versjon av «Kunstformen der Natur» med innskanning av dei 100 plansjane (200 dpi) med skildringar, innhaldsliste og tilleggsmateriale.
- «Kunstformen der Natur» med zoom-bilete - 100 plansjar av «Kunstformen der Natur» (krev flash: O (zoom inn); I (zoom ut); piltastar (nagivasjon)).
- Kunstformen der Natur Arkivert 2012-10-11 ved Wayback Machine. (PDF: 273 mb)