Ertebønne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ertebønne
Ertebønneplante med blome og belg.
Ertebønneplante med blome og belg.
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Erteblomordenen Fabales
Familie: Erteblomfamilien Fabaceae
Underfamilie: Faboideae
Stamme: Phaseoleae
Slekt: Cajanus
Art: Ertebønne C. cajan
Vitskapleg namn
Cajanus cajan

Ertebønne (Cajanus cajan), også kjend som kongoert eller cajanbønne, er ein plante i erteblomefamilien som er ein viktig matplante i tropiske land. Planten er ikkje kjend som viltveksande, men stammar truleg frå tropisk Afrika.

Ertebønner i ei skål.

Ertebønnebusken blir 2–3 m høg. Stengelen er kanta og blada er trekopla. Planten blomstrar heile året. Blomane er gule eller raudstripa. Belgane er hårete og krumme med skrå innknip mellom frøa. Ertebønne er ein viktig kulturplante i tropane, og blir som oftast dyrka som eittårig plante. Ertebønner kan gje eit viktig proteintilskot i kosten. Planten blir også brukt til dyrefôr og brensel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Ertebønne», Store norske leksikon, 14. februar 2009 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ertebønne