Erythromycin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Erythromycin er eit makrolid antibiotikum som kan brukast i staden for penicillin.

Erythromycin har eit antimikrobielt spekter som liknar det for penicillin eller er litt vidare enn dette. Difor kan det nyttast av menneske som er allergiske for penicillin. Ved luftvegsinfeksjonar verkar det mot fleire typar bakteriar enn penicillin, og det verkar også mot atypiske mikroorganismar som mycoplasma og klamydia. Det vert også brukt mot kjønnssjukdomane syfilis og gonoré.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Erythromycin vert laga av ein stamme actinomyces, Saccaropolyspora erythraea. Desse kjem opphavleg frå IloiloprovinsenFilipinane.

Stoffet blei isolert av legemiddelselskapet Eli Lilly i 1949 og lansert i 1952 under namnet Ilosone.

Verkemåte[endre | endre wikiteksten]

Antibiotikumet held bakteriar frå å veksa ved å hindra proteinsyntesen deira. Det bind seg til ribosomeininga 50S og hindrar dermed peptiddanninga.

Bieffektar[endre | endre wikiteksten]

Reaksjonar som kvalme, oppkast, magevondt og diaré er ganske vanlege biverknader av stoffet, og det blir derfor sjeldan brukt i første omgang om ikkje andre tilhøve talar for det.