Escherichia coli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Escherichia coli
Escherichia coli
Escherichia coli
Systematikk
Domene: Bakteriar Bacteria
Rike: Pseudomonadati
Rekkje: Pseudomonadota
Klasse: Gammaproteobacteria
Orden: Enterobacterales
Familie: Enterobacteriaceae
Slekt: Escherichia
Art: E. coli
Vitskapleg namn
Escherichia coli
Klyngje av E. coli forstørra 10 000 gonger

Escherichia coli (ofte forkorta som E. coli) er ein gram-negativ bakterie som er fakultativt anaerob. Enkelte patogene E. coli-stammar produserer enterotoksin. E. coli finst òg i vanleg tarmflora i tjukktarmen. Han er ein vanleg patogen tarmbakterie ved infeksiøse gastroenterittar. E. coli er truleg den bakterien som er best dokumentert i den vitskaplege litteraturen.

Våren 2006 vart E. coli godt kjent for folk flest i Noreg, da mange ungar vart lagt inn på sjukehus med nyresvikt etter å ha vorte utsett for giftige stammar av bakterien.

E. coli i vassreinsing og kloakkbehandling[endre | endre wikiteksten]

Innan vassreinsing og kloakkbehandling vart E. coli tidleg vald som ein indikatorforureiningsnivået i vatn. Høgt tal på E. coli i ein prøve vil vanlegvis bety store mengder avføring i vatnet. Grunnen til at E. coli er godt eigna til dette, er at det er mange fleire koliforme bakteriar i menneskeleg avføring enn det er patogen (slik som Salmonella Typhi - som gjev tyfus) og ettersom E. coli som oftast er harmlaus, kan dei ikkje «sleppe laus» i labben og skade nokon. Nokre gonger kan likevel E. coli ikkje brukast som indikator på menneskeleg avføring - for eksempel i miljø der E. coli gror godt - slik som ved papirfabrikkar.

E. coli og sjukdom[endre | endre wikiteksten]

Det er tre moglegheiter for at den elles ufarlege E. coli kan forårsake sjukdom:

  1. Når bakteriar kjem ut frå tarmane og inn i urinrøyret kan dei forårsake ein infeksjon som nokre gonger blir kalla «bryllupsreise-blærekatarr» fordi seksuell aktivitet kan transportere tarmbakteriar til urinrøret. Sjølv om dette er mest vanleg hos kvinner, skjer det hos begge kjønn. Hos eldre er kjønnsfordelinga lik. Dårleg toaletthygiene kan vera ei årsak til denne sjukdommen, men det er òg andre faktorar som er viktige: graviditet, forstørra prostata og analsex.
  2. Når bakterien kjem ut ifrå tarmen gjennom ei perforering (hòl eller rift - for eksempel frå ein svulst) og inn i bukhòla, vil han vanlegvis forårsake ein infeksjon kalla peritonitt, som kan vera dødeleg. E. coli er ekstremt følsam for antibiotika slik som streptomycin eller gentamycin og dermed er behandling med antibiotika av denne tilstanden suksessfull.
  3. Nokre stammar av E. coli er giftige og kan forårsake matforgifting. Dette får ein som oftast ved å eta kjøt som er utsett for E. coli i slakteprosessen. Omfanget av sjukdomen varierer - han kan vera dødeleg for ungar, eldre eller andre med svakt immunforsvar, men er som oftast ikkje veldig farleg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]