Eskimotåka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubble-bilete av Eskimotåka

Eskimotåka eller Klovneandlettåka (katalogisert NGC 2392) er ei planetarisk tåke som ligg rundt 3000 lysår unna i stjernebiletet tvillingane. Tåka viser strukturar so komplekse at dei ikkje er heilt forståtte.[1]

Namnet på taka kjem av at ho i kraftige teleskop kan sjå ut som eit andlet i ei pelshette.[1][2] Ho blei oppdaga i 1787 av den engelske astronomen William Herschel.[1][2] Det som i dag er synleg som Eskimotåka utgjorde for rundt 10 000 år sidan dei ytre laga til ei sollik stjerne.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «The Eskimo Nebula from Hubble» - Astronomy Picture of the Day 7. desember 2003
  2. 2,0 2,1 «Ordliste - E» Arkivert 2006-05-11 ved Wayback Machine. - Astronomiordlista til Universitet i Oslo si oppføring om eskimotåka

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]