Esmeraldas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Esmeraldas er hovudstaden i provinsen med same namn lengst nord i Costa-regionen i Ecuador. Byen har ein folkesetnad på kring 120 000 innbyggjarar, han ligg der Esmeraldaselva har utlaup i Stillehavet.

Det varme klimaet, det høge innslaget av afroecuadorianarar i folkesetnaden og den sumpaktige vegetasjonen gjev byen eit karibisk preg, men arkitekturen i byen ikkje er spesielt attraktiv. I dag finst det berre få tradisjonelle tømmerbygg. Ved bystranda «Las Palmas» ligg tallause restaurantar og barar kor nattelivet pulserer kveldar og helger.

Inntektskjelder for byen er eksporthamn for utskiping av råolje, utskiping av jordbruksprodukt, eit oljeraffineri og produksjon av edelsteinar.