Espedalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ruten fjellstove i Espedalen
Jettegryter i Helvete

Espedalen er ein dal i Gausdal og Sør-Fron kommune i Oppland fylke.

I dalen er det fleire hotell og mange hytter.

Gruvedrift var ei viktig næring i Espedalen i to periodar: på 1600-talet etter kopar og på 1800-talet etter nikkel. Gamle gruveinngangar er framleis synleg fleire stader i dalen. I nordenden av det 13 km lange Espedalsvatnet finst restar etter smelteverk og busetnad frå gruvetida.

Gamle fangstgraver kan ein òg sjå ved nordenden av Espedalsvatnet.

I Espedalen finst den største jettegryta i Nord-Europa - Helvete.