Fangst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fangst av gaupe med snare og hest med lasso.

Fangst er ei jaktform som går ut på å fange ulike dyreartar som lever i naturen, anten for å nytte kjøtet eller skinnet deira eller for andre føremål.

Historisk har det vore vanleg å fangste småvilt, til dømes pelsdyr, og i nokre samanhengar større vilt. Ein kan også fangste fugl, til dømes i lundefangst, der ein nytter kjøt, fjør og dun, eller falkefangst, der den fanga fuglen vert dressert og nytta til vidare fangst. Fiske, kvalfangst og selfangst er også rekna som fangst.

Metodar[endre | endre wikiteksten]

Til pelsdyrfangst nyttar ein helst feller eller snarer som fangstreiskapar. Dyr kan fangast i feller, båsar eller fangstgraver med falldør, fallem eller falluke, der dei enten blir fanga levande eller blir drepne av fella. Rovpattedyr har ein også fanga i sakser. Sjølvskot og gift er andre metodar som har vore bruk.

Fuglar kan fangast i nett, snarer, doner eller på limpinne. Ein har også brukt saks for å fangste rovfuglar.

Til fiske nyttar ein ulike typar fiskevegn, som garn, trål, not, line og teine. Til kvalfangst brukar ein gjerne harpun. Til selfangst nyttar ein hakapik og rifle.

Fangst som næring[endre | endre wikiteksten]

Fangst har spelt ei viktig rolle i næringsgrunnlaget til mange folk, til dømes inuitar. I Noreg har sel- og kvalfangst hatt stor økonomisk tyding.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Fangst» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 14. november 2014.
  • «Fangst av vilt» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 14. november 2014.
  • Denne artikkelen bygger på «Fangst» frå Wikipedia på bokmål, den 14. november 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fangst