Estavana Polman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Estavana Polman


Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda
Fødd 5. august 1992 (31 år)
Arnhem
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2016

Estavana Polman (fødd 5. august 1992) er ein nederlandsk handballspelar frå Arnhem som sidan 2013 spelar på den danske klubben Esbjerg. Rykkromspelaren vann VM-sølv 2015 og EM-sølv 2016 med Nederland.

Polman var aktiv på heimlege Arnhem 1899 til 2010. Etter ein sesong med VOC Amsterdam, melde ho overgang til SønderjyskE i Danmark. Ho spelte to sesongar på SønderjyskE, før turen gjekk vidare til Esbjerg, eit lag ho vart dansk seriemeister med i 2016.

Polman fekk sin landslagdebut i 2010. Sidan deltok ho i VM 2011, 2013, 2015, 2017 og 2019, Sommar-OL 2016 og EM 2016. Både i Handball-VM 2015 og Handball-EM 2016 hadde ho ei sentral rolle då Nederland i begge meisterskapane tok seg til finalen. I dei to aktuelle finalane var Noreg finalemotstandar, og begge enda med nederlandsk tap, i EM 2016 med eitt einaste mål. Polman var toppskårar i VM-finalen 2015 med sine åtte nettkjenningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]