Det norske kvinnelandslaget i handball

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Medaljeoversikt
Tevla for Flag of Norway.svg Noreg
Handball
Flagget til Olympiske leikar Dei olympiske leikane
Gull 2008 Beijing
Gull 2012 London
Sølv 1988 Seoul
Sølv 1992 Barcelona
Bronse 2000 Sydney
Bronse 2016 Rio de Janeiro
HåndballVerdsmeisterskap
Gull 2015 Danmark
Gull 2011 Brasil
Gull 1999 Noreg
Sølv 1997 Tyskland
Sølv 2001 Italia
Sølv 2007 Frankrike
Bronse 1986 Nederland
Bronse 1993 Noreg
Bronse 2009 Kina
HåndballEuropameisterskap
Gull 1998 Nederland
Gull 2004 Ungarn
Gull 2006 Sverige
Gull 2008 Makedonia
Gull 2010 Danmark/Noreg
Gull 2014 Kroatia/Ungarn
Gull 2016 Sverige
Sølv 1996 Danmark
Sølv 2002 Danmark
Sølv 2012 Serbia
Bronse 1994 Tyskland

Det norske kvinnelandslaget i handball er underlagt Norges Håndballforbund med Thorir Hergeirsson som trenar og representerer Noreg under internasjonale handballturneringar. Assistenttrenar er Mia H. Högdahl. [1]

Noreg har vore mellom dei mestvinnande handballnasjonane på kvinnesida sidan gjennombrotet under VM i 1986, der laget vann bronsemedalje. Sidan då har Noreg vunne fem europameisterskap, to verdsmeisterskap og to OL-gull. Noreg har delteke i fire OL-finalar, og vann gull i Beijing i 2008 og i London i 2012. Med totalt åtte titlar er Noreg mestvinnande nasjon sidan 1986. For OL-gullet i 2008 vart laget tildelt Fearnleys olympiske ærespris. Laget er seks gonger kåra til «Årets lag» under Idrettsgallaen.

Femten norske spelarar har vore med å vinne både EM, VM og OL: Karoline Dyhre Breivang, Marit Malm Frafjord, Tonje Larsen, Kari Mette Johansen, Kristine Lunde-Borgersen, Katrine Lunde Haraldsen, Tonje Nøstvold, Linn-Kristin Riegelhuth Koren, Gøril Snorroeggen, Kari Aalvik Grimsbø, Else Marthe Sørlie Lybekk, Ida Alstad, Camilla Herrem, Heidi Løke og Linn Sulland.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne idrettsartikkelen som har med Noreg å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.