Eterar
Innan organisk kjemi er eterar eit samleomgrep for stoff med minst eitt oksygen-atom med to einskildbindingar til alkylgrupper.
Nomenklatur[endre | endre wikiteksten]
Som namn på eterar nyttar ein oftast stoffgruppenamnet. Ein gjev opp alkylgruppene på kvar side av oksygen-atomet i alfabetisk rekkefølgje og legg til ordet eter. Såleis vert CH3-CH2-O-CH2-CH3 kalla dietyleter. Dette er den meste kjende eteren, og blir ofte berre kalla «eter».
Framstilling[endre | endre wikiteksten]
Ein kan framstille eterar ved kondensasjonsreaksjonar. Da reagerer to alkoholmolekyl med kvarandre og spalter av vatn.
Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]
Etermolekyla kan ikkje danne hydrogenbindingar med kvarandre og ein eter og har derfor eit relativt lågt kokepunkt. Eterar er gode løysemiddel for upolare bindingar.