Ethelred II av England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ethelred II av England
EthelUn.jpg
gamalengelskÆþelred
Fødd8. juni 968 (juliansk)
FødestadWessex
Død23. april 1016
DødsstadLondon
GravstadOld St Paul's Cathedral
Gift medÆlfgifu of York, Emma av Normandie
DynastiHuset Wessex
FarEdgar av England
MorÆlfthryth, hustru til Edgar
BornÆthelstan Ætheling, Edmund II av England, Eadred Ætheling, Eadwig Ætheling, Edvard vedkjennaren, Alfred Aetheling, Goda av England

Ethelred II (ca. 96823. april 1016), med tilnamnet «den rådville», var konge av England frå 978 til 1013 og 1014 til 1016. Han arva trona då han var omkring ti år gamal, etter mordet på halvbroren hans, Edvard martyren.

Ifølge William av Malmesbury gjorde Ethelred frå seg i døypefonten då han blei døypt, noko som skal ha ført til at St. Dunstan profeterte at det engelske monarkiet ville bli styrta under styret hans. Denne historia er høgst sannsynleg ein seinare fabrikasjon.

Seglet til Ethelred II av England

Den engelske forma av kallenamnet «den rådville» er «the Unready», eit ord som i dag tyder «den som ikkje er klar». Men på gamalengelsk tyder det «den som er utan råd», og det er også eit ordspel på namnet Ethelred, som tyder «den som har eit godt råd».

Ethelred fekk minst seksten barn gjennom to ekteskap. Det første var med Ælfgidu, som var dottera til ein ealdorman frå Northumbria, og det andre, inngått i 1002, med Emma av Normandie, som var grandtanta til Vilhelm erobraren. Vilhelm brukte seinare denne slektskapen då han gjorde krav på den engelske trona.

I Snorre Sturlason sine norske kongesoger vert Ethelred kalla «kong Adalråd».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]