Emma av Normandie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dronning Emma tek imot Encomium Emmae Reginae, ei bok ho fekk skrive som ei lovprising for seg sjølv og familien sin. Dei to sønene Hardeknut og Edvard står i bakgrunnen.
Hertug Rikard av Normandie og borna hans, mellom dei Emma.

Emma av Normandie (ca. 9886. mars 1052) var ei normannisk adelskvinne som blei dronning av England, Danmark og Noreg gjennom to ekteskap.

Emma var dotter av hertug Rikard I av Normandie og den andre kona hans, Gunnora. Ho blei gift med kong Ethelred den rådville av England i 1002, og slik dronning. Ethelred døydde i 1016. Emma blei deretter gift med Knut den store i 1017, den nye kongen av England som også var konge av Danmark og delar av Noreg og Sverige.

Emma hadde tre søner og to døtrer. To av sønene hennar, ein frå kvart ekteskap, og to stesøner blei også kongar av England. Grandnevøen hennar var Vilhelm erobraren, som grunnla det normanniske styret i England.

Giftarmål med Ethelred[endre | endre wikiteksten]

Emma og sønene blir tekne imot av bror hennar, hertug Rikard II av Normandie.

Emma blei gift med Ethelred for at den engelske kongen kunne alliera seg med normannarane mot vikingraida som gjekk føre seg på denne tida.[1] Som dronning fekk ho det angelsaksiske namnet Ælfgifu, som blei brukt i offisielle samanhengar. Ho blei gjeven eigedom i Winchester, Rutland, Devonshire, Suffolk og Oxfordshire, og fekk herredøme over byen Exeter.[2]

Med Ethelred fekk ho tre born: Edvard vedkjennaren, Alfred aetheling og Goda eller Godgifu. Sønene hennar kom etter dei eldre sønene til Ethelred i arverekkja. Då Emma gjorde eit forsøk på å få sonen Edvard godkjend som arving fekk ho støtte frå Ethelred sin hovudrådgjevar, Eadric Streona. Ho møtte derimot sterk motstand frå den eldste dålevande sonen til Ethelred, Edmund jernside, som etterkvart gjorde opprør mot faren.

Då den danske kongen Svein Tjugeskjegg invaderte England i 1013 tok Emma med seg sønene sine til Normandie. Ethelred følgde etter for å søka om vern hjå svogeren Robert av Normandie, men då Svein Tjugeskjegg døydde berre fem veker etter sigeren i England vende Ethelred tilbake til landet i februar 1014.

I 1015 invaderte Svein sin son, Knut, England. Han blei halden ute av London fram til Ethelred hadde døydd i april og Edmund i november 1016. Dermed stod trona open for Knut.

Giftarmål med Knut[endre | endre wikiteksten]

Kongsenkja Emma prøvde å halda angelsaksisk kontroll over London fram til ekteskapet hennar med Knut blei arrangert.[3] Nokre forskarar meiner ekteskapet berga livet til sønene hennar, ettersom Knut kvitta seg med rivalar, men let dei to sønene leva.[2] I alle høve blei sønene sende til Normandie ei tid.

Sjølv om ekteskapet var politisk, og Emma var ti år eldre enn ektemannen, gjev andre bok av Encomium Emmae Reginae hint om at ektefellene også blei glade i kvarandre. Kong Knut skal ofte ha tatt imot råd frå Emma. Dei fekk to born, sonen Hardeknut og dottera Gunhilda.

Emma verker ikkje å ha vore svært aktiv tidleg i ekteskapet, men frå rundt 1020 byrja ho knytta vennskap med europeiske geistlege og gjeva gåver til kyrkja. Ho knytta seg til Ælfsige, som var biskop av Winchester og ein viktig andeleg rådgjevar. Emma sitt nære forhold til kyrkja styrka mannen sitt krav på den engelske trona som ein kristen konge. Med sine mange landeigedommar var ho også den rikaste kvinna i England.

Enkje[endre | endre wikiteksten]

Ein av sarkofagane der beina til Emma og Knut skal liggja.

Då Knut den store døydde den 12. november 1035 blei Emma enkje etter ein engelsk konge for andre gong. Alfred og Edvard kom tilbake til England i 1036, truleg for å posisjonera seg i høve til Knut sin illegitime son Harald Harefot, som tok makta og kongetronen medan halvbroren, den legitime Hardeknut, var i Danmark for å bli hylla som konge der. Dei to blei overfalne; Alfred blei teken til fange og blinda og døydde seinare av skadene. Edvard flykta tilbake til Normandie saman med mor si.

Styret til Harald Harefot blei kort, og han døydde i 1040. Då Hardeknut blei krona til konge av England i tillegg til Danmark kunne halvbroren Edvard koma tilbake til England og utnemnd til arving. Han blei deretter medkonge og frå 1042 einekonge då Hardeknut døydde. Det var truleg ein gong i denne politisk vanskelege tida at Emma fekk laga Encomium Emmae Reginae, eit historieverk om Svein Tjugeskjegg, Knut den store, Emma sjølv, Harald Harefot og dei to sønene til Emma.

Då Edvard blei einekonge i 1042 mista Emma mykje makt. Ho skal ha gjeve støtte til Magnus den gode sitt krav på den engelske krona, og som svar konfiskerte Edvard eigedommane hennar.[4]

Emma døydde i 1052 og blei gravlagd saman med Knut og Hardeknut i Winchester. Gravene deira var opphavleg i den gamle domkyrkja der, men blei flytta til den nye bygd av normannarane etter den normanniske erobringa av England. Under den engelske borgarkrigen blei gravene opna og leivningane kasta ut på golvet av styrker for parlamentet. Beina skal seinare ha blitt samla og lagt i sarkofagar att.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Howard, s. 10
  2. 2,0 2,1 Honeycutt, s. 41
  3. Howard, s. 12–5
  4. Stenton 1971, s. 426-27

Bibliografi


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]